Hopp til innhold

– Forhåpentlegvis slepp helseministeren å gripe inn

– Det vi ser etter at Astrid Eidsvik gjekk av, er ikkje bra, seier parlamentarisk leiar i Frp, Harald Nesvik. Han håper at sjukehussaka vert løyst lokalt og at statsråden ikkje må gripe inn. Ein underskriftsaksjon på Nordmøre krev at Høie utset sjukehusvedtaket.

Harald Nesvik

Harald Nesvik har tru på at ein får på plass ei innstilling slik at det endelege tomtevalet kan bli tatt.

Foto: Trond Vestre

Sidan det vart kjent at sjukehusdirektør Astrid Eidsvik gjekk på dagen torsdag, har striden i sjukehussaka blussa opp att. Det skal byggast eitt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal, og 17. og 18. desember skal styra i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg kome med sine tilrådingar om kvar sjukehuset skal plasserast.

Det nye sjukehuset skal etter planen stå ferdig i 2021 og koste om lag fire milliardar kroner. Det er tre tomtealternativ som er aktuell. Hjelset i Molde, Astad i Gjemnes og Frei i Kristiansund.

Eidsvik meinte at ho vart overkøyrd av Helse Midt i arbeidet med sjukehusvalet og at ho ikkje fekk sjansen til å sluttføre arbeidet.

Må på riktig spor att

Harald Nesvik seier at det var uventa at Eidsvik gjekk av og at det som har skjedd i ettertid ikkje er bra.

– Eg håper at ein kan få saka inn på riktig spor og sørge for å få på plass ei innstilling slik at ein kan ta det endelege tomtevalet, seier Nesvik.

Reaksjonane etter Eidsviks avgang har vore sterke. I Kristiansund gjekk innbyggjarane i fakkeltog og ordførar Per Kristian Øyen meiner at tomteprosessen må stoppast. Legeforeininga og fleire av fagforeiningane ved sjukehusa i Ålesund og Kristiansund meiner at styreleiar i Helse Midt-Noreg, Daniel Haga, bør gå av. Dei tillitsvalde i Molde vil ikkje meine noko. Det er også starta opprop til støtte for Haga.

Les alt om sjukehussaka her

Håper statsråden slepp å gripe inn

Nesvik seier at det verste som no kan skje er at prosessen mister legimitet. Sjølv opplever han at det er gjort eit grundig arbeid i prosessen under rolege tilhøve. Han har åtvara om at når det endelege valet blir gjort, bryt bråket laust att.

– Saka skal til slutt hamne på statsråden sitt bord, men forhåpentlegvis må han ikkje gripe inn. Det vert ein vanskeleg situasjon dersom statsråden skal engasjere seg i tomtevalet, seier Nesvik, som er i tett dialog med helseminister Bent Høie.

LES OGSÅ:

Har tillit til styra

Helge Orten

Helge Orten har tillit til styra i dei to helseføretaka.

Foto: Trond Vestre / NRK

Stortingsrepresentant Helge Orten (H) seier at han har tillit til at styra i helseføretaka gjer jobben dei er sett til.

– Styra i dei to helseføretaka må halde prosessen i gang og sørge for at vi får ei avgjerd i lokaliseringssaka, seier Orten.

Det er styret i Helse Midt Noreg som skal ta den endelege avgjerda, før helseministeren skal godkjenne vedtaket.

Underskriftsaksjon

På Nordmøre er det starta ein underskriftsaksjon, leia av Thomas P. Ryther, som krev at helseministeren grip inn og utset tomtevalet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL