NRK Meny
Normal

Håpar å unngå skulenedlegging

Formannskapet i Nesset vedtok i går kveld samrøystes å forkaste forslaget til rådmannen om å mellom anna leggje ned skulen og eldretilbodet i Vistdal.

Vistdal skule i Nesset kommune

Til stort frammøte frå bygdefolket vraka formannskapet i Nesset rådmannen sitt forslag til skulekutt i går kveld.

Foto: Nesset kommune

For å spare pengar har rådmannen mellom anna foreslått å leggje ned skulen og bufellesskapet i Vistdal. Varaordførar Edmund Morewood fortel at eit samrøystes formannskap sa blankt nei til forslaget.

– Vi var ikkje einige i forslaget og valde difor å stemme mot forslaget. Det gjekk litt lenger enn det vi hadde trudd då vi gav rådmannen fullmakt til å sjå på innsparingar i kommunen, seier han.

Stort engasjement

Saka har vekt stort engasjement blant innbyggarane i kommunen, og det var eit stort frammøte av bygdefolk under formannskapsmøtet tysdag.

Edmund Morewood

Varaordførar Edmund Morewood seier han ikkje kan garantere at dei klarer å halde oppe tenestetilboda i Nesset.

Foto: NRK

– Ja, det var veldig mange som hadde tatt turen. Formannskapsrommet vart heilt fullt, så det er tydeleg at det er ei sak som engasjerer, seier Morewood.

Forslaget om å kutte i skule- og helsetilbod har ikkje vore populært i Nesset, etter at det blei kjent.

I tillegg til å leggje ned bufellesskapet og skulen i Vistdal, forslo rådmannen å ta vekk ungdomstrinnet i Eresfjord og leggje ned barnehagen i bygda.

Kan ikkje garantere for tilbodet

Senterparitet, Høgre og KrF foreslo ifølgje Morewood ein totalgjennomgang av økonomien på nytt over nyttår, og fekk alle dei andre med på det.

Morewood vedgår at dei kanskje berre har utsett ei vanskeleg sak.

– Det kan nok enkelte seie, men vi skal prøve å gjere ei forsøk på å halde oppe det tilbodet vi har no så lenge vi kan, seier han.

– Kan du garantere for at det ikkje blir kutt i tenestetilbodet i Nesset kommune?

– Nei, det er heilt umogleg å garantere det, seier varaordføraren.