Hopp til innhold
Ålesund tinghus
Foto: Harry Heggdal / NRK

Grov mishandlingssak for retten

Oppsummert

Fem menn er tiltalte for å ha trua ein mann til å valdta seg sjølv med ei flaske, og slå seg med ein hammar. Deler av tiltalen er tatt ut på ordre frå riksadvokaten. Rettsaka gjekk i slutten av juni 2018.

  • Får ikkje ny behandling

    Ein Bandidos-medlem får ikkje fremja anken etter at han blei dømt for drapstruslar mot ein sunnmøring, har Gulating lagmannsrett bestemt. Bandidos-medlemmet blei før jul dømt til fengsel i eitt år og fire månader for å ha forsøkt å hindre sunnmøringen i å forklare seg i samband med ei grov valdtektssak. Forsvararen meinte domen var for streng, men retten kom til at avgjerda var rett og vil difor ikkje behandle saka ein gong til.

  • Redusert straff i valdtektssak

    Lagmannsretten har redusert straffa for ein ålesundsmann i 30-åra, som var med på å tvinge ein mann til å valdta seg sjølv med ei flaske. Ålesundaren blei i tingretten dømd til fengsel i 7 år og 6 månader, no er straffa redusert med eitt år og sju månader. Også ein romsdaling i 30-åra som var involvert i saka har fått redusert straffa. Dei må i tillegg betalte den fornærma 250 000 kroner.

    Frå før er tre andre dømde til lange fengselsstraffer for valdtekten.

  • Starter ankesaken i dag

    I dag starter ankesaken etter at fire menn ble dømt for grov voldtekt med ei brennevinsflaske. De fire ble i tingretten i fjor dømt til lange fengselsstraffer etter overgrepet mot en mann i 20-årene i jula 2016. Nå må lagmannsretten behandle saken på nytt etter at flere av de dømte anket dommen.Det er satt av to uker til rettssaken.

  • Drapsdømd Bandidos-medlem ankar

    Ein tidlegare drapsdømd Bandidos-medlem ankar dommen for drapstruslar mot ein sunnmørsmann. Bandidos-medlemet blei nyleg dømd til fengsel i eitt år og fire månader for å ha ha forsøkt å hindre sunnmøringen i å forklare seg i samband med ei grov valdtektssak. Forsvarar Sol Elden seier dei ankar over skuldspørsmålet, subsidiært over straffeutmålinga. Bandidos-medlemet var ute frå fengselet på prøve då han trua sunnmøringen på livet.

  • Trua av Bandidos-medlem

    Eit Bandidos-medlem i Rogaland er tiltalt for å ha trua ein sunnmøring til å endre forklaring i ei valdtektssaka, der ein mann vart trua til å valdta seg sjølv med ei flaske. Mannen skal tidlegare i vår ha oppsøkt eit familiemedlem til eit nøkkelvitne for å få vedkomande til å trekke forklaringa si. Ifølgje tiltalen opplyste mannen at han kom frå den kriminelle motorsykkelklubben, og at vitnet risikerte alvorlege represaliar dersom han ikkje gjorde som han blei beden om. Straffesaka kjem opp i Jæren tingrett i oktober.

    Jæren tingrett
    Foto: Ole Andreas Bø / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL