Det var stort politioppbod då dei involverte forklarte seg i Romsdal tingrett for to veker sidan. Fleire av dei er tidlegare dømde i alvorlege narkotika- og valdssaker, den siste berre dagar før den grove valdtektssaka starta.
No er alle fem dømde til lange fengselsstraffer, den mest aktive valdsutøvaren må i fengsel i 7 1/2 år.
Bistandsadvokat Tone Agnes Norderval seier klienten hennar meiner dommen er korrekt. Han håper o at han slepp nye rundar i retten.
Foto: Synnøve HoleI dommen kjem det fram at fire av dei fem tiltalte var i lag om å tvinge ein 24 år gamal mann til å valdta seg sjølv med ei flaske. Dei fem veksla på å feste og mishandle han, og i dommen blir overgrepa karakteriserte som svært rå og utspekulerte.
– Klienten min meiner dommen er rett og god, og han håper at det ikkje blir anke og nye rettsrundar. Det har vore svært belastande å fortelje om det som har skjedd. Han ønskjer å kome seg vidare, seier bistandsadvokat Tone Agnes Norderval.
Vil anke dommen
Men det blir ein ny rettsrunde. Advokat Harald Johannessen, som representerer han som fekk den strengaste dommen på 7 1/2 år, seier dei allereie har bestemt seg for å anke.
– Det er på grunn av skuldspørsmålet. Vi meiner ikkje at han har medvirka til grov valdtekt, seier Johannessen.
Advokat Harald Johannessen representerer han som fekk den lengste fengselsstraffa, og han seier dei allereie har bestemt seg for å anke dommen.
Foto: Jan Inge Thomassen / NRKAdvokat Tom Barth-Hofstad forsvarar han som fekk 6 år og 2 månaders fengsel. Han seier dommen er for strengt, men at dei førebels ikkje har bestemt seg for å anke.
– Det vil kunne vere aktuelt, vi er ikkje ferdige med vurderinga. Vi må sjå på ulempene både for han, familien hans og for så vidt også fornærma, seier Barth-Hofstad.
Slo alarm på legevakta
Det var helsepersonell på legevakta i Ålesund som slo alarm då den forslåtte mannen blei køyrt dit av mor si i romjula i forfjor.
Mor til den fornærma mannen køyrde han hit til legevakta i romjula i fjor. Der slo dei alarm. Men det gjekk lang tid før mannen torde å fortelje kva han hadde blitt utsett for.
Foto: Remi Sagen / NRKMannen turte ikkje å fortelje til politiet kva som hadde skjedd. Først då ein av dei som hadde vore med på valden sjølv blei trua på livet av ein av dei andre, la han korta på bordet og fortalde kva han hadde vore med på. Dermed blei saka rulla opp. Politiet sa tidlegare i sommar at saka var heilt unik, fordi svært få som blir utsette for slikt, tør å fortelje om det.
Også statsadvokat Jogeir Nogva omtalte saka som svært spesiell, då han var aktor i slutten av juni.
Blei straffa hardt for løgn
I retten kom det fram at fleire av dei involverte tilhøyrde eit lukka og berykta klubbmiljø i Romsdal, som driv på kanten av lovverket. Mannen som er fornærma i saka var narkoman med gjeld og hadde nettopp fått innpass i klubben. Men han fall raskt i unåde då han laug om gjelda si, og oppgjeret frå klubbleiinga kjem han truleg til å huske resten av livet.
Fem menn har fått lange fengselsstraffer etter å ha mishandla ein 24 år gamal sunnmørsmann i jula i forfjor.
Foto: Synnøve HoleIfølgje dommen blei han henta til klubben ein kveld, og halden fange der til morgon etter medan han blei mishandla på det grovaste. Han blei trua til å slå seg sjølv med ein hammar og etter kvart også til å valdta seg sjølv med ei flaske framfor dei andre. Det kjem også fram at fleire av dei som var tilstades opplevde valden som så massiv, at dei frykta det kunne gå liv. Ein av dei stakk rett og slett av, og er difor ikkje dømd for medvirkning til valdtekt.
Under rettssaka møtte 24-åringen som er fornærma i saka ikkje opp i rettssalen der dei fem tiltalte sat, men forklarte seg via telefon frå ein hemmeleg stad.
Det var mange politifolk på plass under rettssaka i Romsdal tingrett i slutten av månaden. Fleire av dei fem som no er dømde, har fleire grove narkotika- og valdsdommar bak seg.
Foto: Synnøve Hole / NRKRiksadvokaten har tatt ut deler av tiltalen, og fire av dei fem er no dømde etter § 293 i Straffelova om særleg smertefull eller krenkande valdtekt.
Les også: