Hopp til innhold

Skal ha blitt tvinga til å valdta seg sjølv med flaske framfor fire menn

Ein sunnmørsmann skal ha blitt trua til å valdta seg sjølv med ei flaske framfor fire menn. Politiet seier at frykt hos offera gjer at det er heilt uvanleg at slike saker endar i retten.

Sunnmøre tingrett

Dei fire mennene som er tiltalt i den grove valdssaka må møte i Sunnmøre tingrett sine lokale seinare i år.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Fire menn står no tiltalt for å ha mishandla ein femte mann i jula for halvanna år sidan.

Ifølgje tiltalen skal dei ha halde han fanga i ein romsdalskommune gjennom ei heil natt og bytta på å slå og sparke han. På eitt tidspunkt skal dei også ha tvinga han til å kle av seg og valdta seg sjølv med ei flaske framfor dei fire.

Ingen skal ha forsøkt å stoppe valden.

Mannen skal også ha blitt trua til å slå seg sjølv over handa med ein hammar fleire gongar.

Alf Christian Grøtteland

Etterforskingsleiar Alf Christian Grøtteland ved Møre og Romsdal politidistrikt seier at det er uvanleg at slike typer saker endar i retten.

Foto: Kripos

– Det er ein kjempealvorleg tiltale, og det uvanlege er at saka faktisk er komen fram i lyset. Mange av desse sakene foregår i det skjulte, seier etterforskingsleiar Alf Christian Grøtteland ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Av etterforskingsomsyn vil ikkje Grøtteland seie noko om kva som skal ligge bak den den avgivelege valdtekten, som skal ha skjedd i eit lukka miljø.

Strafferamme på 21 år

Dei fire er alle i 30- og 40-åra og er tiltalte etter paragraf 293 om særleg smertefull eller krenkande valdtekt. Dersom dei blir dømde på det alvorlegaste punktet, risikerer dei 21 års fengsel.

Denne delen av tiltalen er tatt ut etter ordre frå riksadvokaten, og her heiter det "Voldtekten anses som grov, idet det særlig legges vekt på at den ble begått på en særlig smertefull eller særlig krenkende måte".

To av dei tiltalte skal også ha trua med å drepe mannen.

– Han er framleis sterkt prega av det som har skjedd, og er glad for at saka snart skal opp, seier advokat Tone Agnes Norderval som representerer mannen som skal ha blitt trua til å valdta seg sjølv.

Vedgår ikkje straffskuld

Ein av dei fire har site varetektsfengsla i fleire månader i samband med saka, og blir rekna for å vere ein hovudaktør. Hans advokat, Tom Barth-Hofstad, er opptatt i møte, og kan førebels ikkje kommentere saka.

Advokat Paal Berg Helland forsvarar ein annan av dei tiltalte. Han seier hans klient ikkje vedgår straffskuld, heller ikkje dei faktiske forholda, men at han vedgår å ha vore i lokala der mishandlinga skal ha skjedd.

Paal Berg Helland

Advokat Paal Berg Helland representerer ein av dei tiltalte. Han seier hans klient vedgår å ha vore i lokala der mishandlinga skal ha skjedd, men nektar straffskuld.

Foto: Terje Reite / NRK

Advokat Reidar Andresen er forsvarar for ein av dei andre tiltalte, men seier tiltalen førebels ikkje er forkynt for hans klient, og at han difor ikkje vil kommentere saka.

Heller ikkje advokat Kirsten Vikesland Mæhle vil kommentere tiltalen.

Det er sett av seks dagar til rettsaka i månadsskiftet juni/juli.

Oppfordrar andre til å melde frå

Etterforskingsleiar Alf Christian Grøtteland seier at slike saker ikkje er uvanlege i kriminelle miljø, men at offera vanlegvis ikkje tør å stå fram, og at politiet dermed slit med å avdekke denne typen kriminalitet.

– Vi oppfordrar fleire til å melde frå til politiet om liknande saker, vi veit at det skjer, seier Grøtteland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL