Hopp til innhold

Kvalane viste seg fram for folket

Ein flokk med grindkvalar kosa seg i solsteika utanfor Devoldfabrikken i Langevåg onsdag ettermiddag.

Grindhval ved Devoldfabrikken i Langevåg

Mange samla seg på kaia for å sjå grindkvalflokken som besøkte Langevåg onsdag.

Foto: Marit Sandvik

Allereie i dagtidleg blei kvalane observert utanfor Sandvika i Langevågen. Marit Sandvik trudde det først var bølger, men etter kvart blei det så mykje bevegelse i sjøen at det måtte vere noko meir enn berre sjø.

– Etter ei lita stund skjønte eg at det var kval. Litt seinare på dagen reiste eg og broren min inn til Devoldfabrikken, og då hadde kvalane svømt heilt inn i fjøresteinane, fortel Sandvik.

Folket samla seg

Masse nysgjerrige menneske hadde samla seg på kaia for å få eit glimt av dei flotte kvalane.

– Det var minst elleve kvalar som hadde kome heilt inn til kaia, og mange kom springande ut frå Devold får å kike.

Ifølgje Sandvik var kvalane i same området lenge, og såg ut til å kose seg i finvêret. Ho trur at dei har tatt følgje med ein fiskestim.

– Dei blåste luft og snakka saman på kvalspråket sitt, seier Sandvik som aldri har sett grindkval inne i Hessafjorden før.

Sosiale dyr

Grindkvalen er ein del av delfinfamilien, og blant dei meir selskapelege dyra ein finn i havet. Pensjonert akvarist Jan Einarsen har eit spesielt forhold til kvalen.

– Desse kvalane er morosame, og det er kjekt at vi har desse dyra så nærme. Det er dei som er lettast å få kontakt med når ein er ute til sjøs. Ofte kan ein kome tett på, og klappe og kose med dei, seier Einarsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL