NRK Meny
Normal

– Noko er gale når kvalen er einsam

Den einsame grindkvalen som blei sett i Tennfjorden førre fredag er no funnen død i fjøresteinane.

Død grindkval i Tennfjorden

Denne grindkvalen vart funnen død i Tennfjorden mellom klokka 14.00 og 15.00 onsdag. Her er Heidrun Ervik saman med kvalen.

Foto: Randi Kjellstadli Ervik

Grindkval død i Tennfjord

NRK skreiv om denne kvalen førre fredag då han einsam svømte i Tennfjorden.

Foto: Randi Kjellstadli Ervik
Jan Einarsen

Jan Einarsen syns grindkvalen er eit spennande dyr, og vil gjerne til Tennfjord for å sjå på den døde kvalen.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Fleire har følgt med kvalen sidan fredag. Då var han åleine svømmande i fjorden. Laurdag kom det tre andre kvalar, men i dag var han åleine igjen.

Mannen til Randi Kjellstadli Ervik var på tur i fjøra saman med borna då dei fann kvalen. Randi fortel at han har riper og blod på huda. Ho tippar at kvalen er om lag 4,5 meter lang.

– Den ligg heilt oppi fjøresteinane, og ikkje langt ifrå husa, så mange fryktar at det vil bli ei forferdeleg lukt etter kvart. Vi kjem til å kontakte kommunen for å høyre kva som vil skje med kvalen, seier Randi.

– Noko gale når kvalen er einsam

Jan Einarsen, pensjonert akvariet, fortel at viss ein kval er ute åleine så er det noko som er gale.

– Det er umogeleg å vite kva kvalen tenkjer, og der er normalt at kvalar dør av og til. Grindkvalen er på vandring langs kysten heile tida, og er innom vårt område to gonger i året, seier Jan.

Han seier at det er vanskeleg å vite kva som har skjedd med kvalen, men det er mogeleg at han stoppa i Tennfjorden for å døy.

– Han har nok blitt dårleg og ikkje hatt krefter til å reise lenger.

Vandrar i store flokkar

Grindkval høyrer til delfinfamilien og er ein tannkval. Den blir 3-7,6 meter lang og kan vege opp mot 4 tonn. Arten kan bli 50–60 år gammal.

Grindkvalen er eit flokkdyr, og er ein av dei vanlegaste kvalane vi har. Dei reiser ofte i flokk på opp til 100 dyr, og blant dei hundre finst det gjerne mange mindre flokkar.

– Grindkvalen har ulike reiseruter, og på turen kan dei dele seg i mindre flokkar for å oppdage fjordane.

Politiet på Sunnmøre tvitra at kommunen er varsla om den døde kvalen:

Laster Twitter-innhold
Død kval i Tennfjord

Åsne Ervik var på tur i fjøra saman med familien då dei fann kvalen.

Foto: Randi Kjellstadli Ervik