Hopp til innhold

Berga livet til kval i naud

Ålesund brannvesen og akvaristar frå Atlanterhavsparken har tysdag jobba med å hjelpe ein kval i naud i Nørvasundet i Ålesund.

Ein grundval med plastpose på hovudet vart redda i Nørvasundet i dag

Sjå video: Her blir kvalen i Nørvasundet redda.

Kval i Nørvasundet

Kvalen hadde posen over hovudet og hadde problem med å sjå.

Foto: Jan Ove Stette

I 11.30-tida tysdag greidde akvaristar frå Atlanterhavsparken i Ålesund å fjerne posen frå hovudet til kvalen som svømte rundt i Nørvasundet.

Akvaristar frå Atlanterhavsparken brukte mellom anna eit not til å ringe inne kvalen.

Akvarist og dykkar Finn Refsnes frå Atlanterhavsparken kom dermed nær nok til å fjerne den plagsame plastposen frå hovudet til kvalen.

Stort samarbeid

Akvarist Finn Refsnes på atlanterhavsparken med posen

Akvarist Finn Refsnes frå Atlanterhavsparken med posen som sat fast på hovudet til kvalen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
Brannvesenet i Nørvasundet

Brannvesenet hjalp til med redningsarbeidet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det var like etter klokka 09.00 tysdag morgon at Ålesund brannvesen melde at dei var ute for å assistere ein kval i naud saman med akvaristar frå Atlanterhavsparken i Ålesund.

Den om lag 2–3 meter lange kvalen hadde fått ein pose over hovudet og svømte rundt i området mellom Fredsberg og båthamna i Gåseidvika i Ålesund. Brannvesenet og akvaristane køyrde ut i båt for å prøve å hjelpe den vesle kvalen, men det var lettare sagt enn gjort.

– Vi hadde ikkje sjanse. Vi kom nær den, men det var umogleg å fjerne posen. Den vart berre villare og villare dess nærare vi kom, seier Jan Ove Stette i Ålesund brannvesen til NRK i titida.

Kvalen blir stressa

Ifølgje Tommy Vangsmo, akvarist ved Atlanterhavsparken i Ålesund, har kvalen truleg svømt rundt i Nørvasundet i nokre dagar.

Tommy Vangsmo, akvarist ved Akvariet

Tommy Vangsmo, akvarist ved Atlanterhavsparken, fryktar for kva som kan skje dersom dei ikkje får laus posen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Posen er tredd over hovudet på kvalen og ligg delvis inne i munnen og over auga til kvalen. Den er nok rimeleg forvirra ettersom den ikkje ser noko, seier han.

Luftholet til kvalen er opent så den skal ikkje ha problem med å puste, men Vangsmo frykta for konsekvensane dersom dei ikkje fekk fjerna posen.

– Vi skal no sette oss ned for å prøve å finne ei løysing på dette. Eg trur situasjonen er svært stressande for kvalen, og eg fryktar at den kjem til å slite seg ut og døy dersom vi ikkje får fjerna posen, sa han.

Vil prøve å kome nær kvalen

Svein Wollstad i Ålesund dykkarservice fortel at dei fekk vite om kvalen i går og at dei no vil prøve ein ny strategi for å hjelpe kvalen.

Svein Wollstad, ålesund dykkersenter

Svein Wollstad i Ålesund dykkarsenter håpar å kome nær nok kvalen slik at dei kan fjerne posen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Vi kjem til å ligge ute i vatnet og prøve å kome oss nær kvalen slik at vi får fjerna posen, seier han.

Wollstad trur kvalen berre blir meir stressa av båtane som køyrer rundt han.

– Håpet er at han etter kvart blir fortruleg med oss slik at den kjem nærmare, men det kan fort bli krevjande dersom vi må svømme etter kvalen, seier han.