Hopp til innhold

Fleire observasjonar av grindkval

Selskaplege dyr som ein godt kan ta eit bad saman med seier akvarist Jan Einarsen.

Grindkval i Ertresvågen

Ein flokk grindkvalar er sett fleire gonger på Sunnmøre i august.

Foto: Sigbjørn Breivik

Fleire personar har fortalt at dei har sett grindkval i storfjordområdet dei siste dagane.

- Dei er på ei evig vandring, og kjem ofte på tur til dette området, seier Einarsen som er tidlegare leiar ved Atlanterhavsparken i Ålesund.

Vennlige kjempar

Bilda er tatt av Sigbjørn Breivik som tok fram kameraet sitt då han såg kvalen utanfor Ertesvågen i Ulstein tysdag ettermiddag.

- Kvalen gjekk omlag 50 til 100 meter frå land så den var ikkje så lett å få i fokus, skriv han.

Jan Einarsen

Akvarist Jan Einarsen seier grindkval ofte er på vandring i området rundt Storfjorden.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Jan Einarsen såg sjølv det han rekner med er dyr frå same flokken utanfor Sula for eit par dagar sidan. Dei er også sett frå ferja som går mellom Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøya.

- Oftast er det mange dyr som dukkar opp i området rundt Hjørundfjorden og Vartdalsfjorden i oktober. Men ein kan ikkje gjere nokon avtalar med desse dyra så det er ikkje uvanleg at dei er å sjå no i august heller.

Ta gjerne ein symjetur

Einarsen fortel at dyra er lette å kome innpå.

- Eg har sumt med dei og det var ei stor oppleving.

- Dei er litt meir selskaplege enn for eksempel spekkhoggaren, som er meir var.

- Råder du kven som helst til å hoppe i vatnet for å symje med grindkval?

- Dei er enorme beist, men vennlige og nyfikne så det gjer eg absolutt, ler han i telefonen.

Grindkval i Ertresvågen

Den store kvalen var sett rundt 50 meter frå land i Ertresvågen.

Foto: Sigbjørn Breivik

Om grindkvalen skriv Wikipedia at den er ein del av delfinfamilien og vert heile 4 - 6 meterlang. Den kan vege opp mot 3000 kg og lev i 40 - 50 år.