Hopp til innhold

Stranda kval funnen på Alnes: – Skikkeleg roten lukt

– Heldigvis var det berre ein, grindkvalen har nemleg tendensar til å svømme på land i flokk, seier akvarist Jan Einarsen.

Grindhval på Alnes

Akvaristen Jan Einarsen trur at grindkvalen som er funnen på Alnes er ei ku.

Foto: Karen Håkansson

Dei tre fotovenene gjorde store auge då dei gjekk seg på ein tre meter lang grindkval i fjøra på Alnes. Karen Håkansson frå Ålesund er ofte på Alnes for å utnytte det flotte lyset og bølgene.

– Vi er veldig mykje på Alnes for å ta bilete, men torsdag vart vi meir overraska enn vanleg. Lukta var skikkeleg roten, men trass det fekk vi tatt eit par fine bilete, fortel Håkansson.

Grindkval i store flokkar

Jan Einarsen

Jan Einarsen syns grindkvalen er eit spennande dyr, og vil gjerne til Alnes for å sjå på den stranda kvalen.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Jan Einarsen, pensjonert akvarist, fortel at dette er ein grindkval. Det er ein av dei vanlegaste kvalane vi har, og dei reiser ofte i flokk på opp til 100 dyr.

– På hausten, spesielt i oktober, brukar dei å kome hit. Når dei er her kan dei vere i fjordane våre opp til ei veke. Det er ikkje mange dagane sidan eg sjølv såg grindkval på Sulesund, og tidlegare i oktober såg vi enda fleire. Det kan vere opp til 100 kval i ein flokk, seier akvaristen.

Grindkval høyrer til delfinfamilien og er ein tannkval. Den blir 3-7,6 meter lang og kan vege opp mot 4 tonn. Arten kan bli 50–60 år gammal.

– Grindkvalen er på evig vandring, og det var veldig bra at det var berre ein som låg i fjøra på Alnes. Grindkvalen har nemleg tendensar til å svømme seg på land i flokk, fortel Einarsen.

Kva skjer med kvalen no?

Einarsen veit ikkje kven som har ansvaret for kvalen no. Men han fortel at det har vore tilfelle før der folk har dratt kvalen ut i sjøen igjen slik at den driv vidare til nabokommunen.

– Det er eit tilbakevendande problem når døde kvalar vert funne stader der det kan vere til sjenanse for andre med tanke på dårleg lukt. Viss han ikkje er til bry for nokon, kan kvalen bli liggande og vere god mat for fuglar og andre dyr. Men roten lukt er ikkje noko særleg, seier akvaristen.

Olav Megrund

Olav Megrund i Giske kommune er usikker på kva dei skal gjere med den stranda grindkvalen.

Foto: Øyvind Drabløs

Teknisk sjef i Giske kommune, Olav Megrund, har opplevd dette ein gong før sidan han starta i jobben sin for nokre år sidan.

– Vi må vurdere forureiningsaspektet, og vi vurderer kvar enkelt tilfelle. Førre gong var for tre år sidan på Valderøya, og då slepte vi kvalen ut i havet med hjelp frå fiskebåt. Denne gongen veit eg ikkje kva vi skal gjere enda, det må vurderast i forhold til kor stor grindkvalen er, seier Megrund.

Sosiale dyr

Grindkvalen er ein del av delfinfamilien, og blant dei meir selskapelege dyra ein finn i havet.

– Desse kvalane er morosame, og det er kjekt at vi har desse dyra så nærme. Det er dei som er lettast å få kontakt med når ein er ute til sjøs. Ofte kan ein kome tett på, og klappe og kose med dei, fortel Einarsen.

I denne videoen ser ein kor nærme grindkvalen kan vere menneske.