Hopp til innhold

Gravide fryktar koronasmitte på føden

Mangel på jordmødrer og gynekologar gjer at Helse Møre og Romsdal tek inn vikarar frå raude land utan å sette dei i karantene. Det får gravide Ragnhild Holm Olsen (32) til å reagere.

Ragnhild Holm Olsen

I februar skal Ragnhild Holm Olsen bli tobarnsmor. Men situasjonen ved fødeavdelingane i Møre og Romsdal gjer at ho føler seg utrygg før fødselen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Termindatoen nærmar seg for Ragnhild Holm Olsen frå Molde. Ho har vore gjennom dette før, og har ein liten gut heime. I februar skal han bli storebror. Men denne gongen føler 32-åringen meir usikkerheit knytt til fødselen. Nyheita om at sjukehusa i Helse Møre og Romsdal hentar inn vikarar frå raude land utan å sette dei i karantene gjer ho og andre gravide uroa.

– Det er ein ekstra stressfaktor og ikkje bra med tanke på det du skal gjennom. Dei trygge rammene er viktig når du skal føde. Og dei du stoler på er gynekologane og jordmødrene, seier ho.

Slik er testprosedyrane i Helse Møre og Romsdal:

Fryktar smitte

Tidlegare denne veka skreiv NRK om at mangelen på jordmødrer og gynekologar gjer at fødeavdelinga i Kristiansund må bruke vikarar frå Sverige og Danmark, utan at dei har vore i karantene.

Ragnhild Holm Olsen

Ragnhild Holm Olsen reagerer på at dei fødande ikkje blei informert om situasjonen ved fødeavdelingane.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Desse blir testa før dei reiser frå heimlandet og før dei byrjar å jobbe, men får unntak frå karantene. Personell i kritiske samfunnsfunksjonar kan få unntak frå karantene i tilfelle der det er nødvendig for å unngå fare for liv og helse.

Dette får likevel 32-åringen til å frykte for å bli smitta av korona på fødeavdelinga.

– Det er ikkje sikkert at dei tek med seg smitte, men det er ein viss fare for det når dei ikkje er i karantene.

Ho reagerer på at dei fødande ikkje har blitt informert om situasjonen.

– Eg synest det er svært underleg at vi ikkje har fått vite noko. Eg reagerer også på at det kan kome folk frå raude land inn på eit sjukehus der det er sårbare folk, spesielt med tanke på alle smittevernreglane som er i dag, seier Olsen.

– Du har allereie ei utryggleik knytt til om du skal føde i Molde eller Kristiansund og så kjem dette i tillegg.

Stor mangel på fagfolk

For stor mangel på fagfolk har ført til at fødeavdelingane i Molde og Kristiansund no bytter på å halde opent to veker om gongen. Likevel har sjukehusdirektør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, vore nøydd til å ta inn vikarar frå Sverige og Danmark og gi unntak frå karanteneregelen for å kunne drifte avdelingane.

Øyvind Bakke

Direktør i Helse Møre og Romsdal, Øyvind Bakke, seier at dei har vore nøydd til å ta inn vikarar frå raude land.

Foto: Helse Møre og Romsdal

Ifølge Helse- og omsorgsdepartementet er det helseføretaka sjølv som bestemmer om dei skal ta inn vikarar frå raude land og gi dette unntaket. Bakke har tidlegare uttalt at det berre er innan fødeavdelingane at dei har gjort dette.

– Grunnen til at vi ikkje har informert dei fødande er at vi har gjort mange kompenserande tiltak og dermed vurdert at risikoen for smitte er låg, seier han.

Bakke vektlegg at det viktigaste for dei er å kunne tilby eit trygt fødetilbod og at vikarane som får unntak blir testa ofte og må følge strenge smittevernreglar.

Men situasjonen i Møre og Romsdal kan kome til å bli meir utfordrande i dei neste vekene. Helseføretaket kjem nemleg til å måtte hente inn endå fleire utanlandske vikarar ved alle dei fire sjukehusa i fylket.

– Framover ligg det inne 11 søknadar om unntak frå karantenereglane i Kristiansund, to i Molde, to i Ålesund og eitt i Volda, fortel Bakke.

Strenge vurderingar for å gi unntak

Helseminister Bent Høie vektlegg at hovudregelen er at arbeidarar frå raude land skal i ti dagars karantene og at unntaket frå karantene berre skal nyttast i dei situasjonane der det kan gå utover liv og helse.

Bent Høie i Drammen, oktober 2020.

Helseminister Bent Høie vektlegg at det må ligge gode vurderingar bak dersom ein gir unntak frå karantenereglane.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Om ein er nøydd til å stenge ei heil avdeling fordi ein ikkje får tak i folk, så vil dei negative konsekvensane bli større og difor har ein dette unntaket.

Høie seier vidare at det beste hadde vore om helseføretaka kan planlegge på ein slik måte at vikarane rekk å gå i karantene først, men at ein kan bruke karanteneunntaket når dette ikkje er mogleg.

– Norden er normalt den mest opne regionen i Europa og mange i helsetenestene jobbar og bur på tvers landegrensene. Det ville ha vore ekstremt krevjande for helsetenestene vore om vi ikkje kunne nytte oss av desse vikarane. Men det skal ligge strenge vurderingar bak for å gi karantenefritak, seier Høie.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL