Hopp til innhold

Gravid kvinne var like ved å bli skoten av elgjeger – slaktar politiet sitt arbeid

Lisbeth Bach Sørensen (23) frykta for livet til seg sjølv og barnet då ho var nær ved å bli skoten. Ho forstår ikkje avgjerda til politiet.

Gravide Lisbeth var få meter unna å bli skutt av ettersøksjegere i Kristiansund sentrum.

Det vekte stor ståhei då ein elg forvilla seg inn i bysentrum i Kristiansund. Ordentleg dramatisk blei det først då skyttarane frå viltnemnda rykte ut.

Den høggravide kvinna sprang opp trappene i bygarden der ho jobba, då ho høyrde om elgen som sprang rundt i Kristiansund sentrum i fjor sommar. Ho håpte ho skulle få eit glimt av det store dyret. I staden var ho like ved å bli treft av skotet frå skyttaren som var sendt ut frå viltnemnda.

Nyleg konkluderte politiet med at det ikkje kan bevisast at han gjorde noko gale.

– Vi synest det er heilt uforståeleg at politiet har kome fram til denne konklusjonen, seier Lisbeth Bach Sørensen.

Lisbeth Bach Sørensen

Lisbeth Bach Sørensen var høggravid då ho nesten blei skoten i fjor sommar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Kan ikkje seie at han var uforsiktig

Politiet konkluderte tidlegare denne veka med at «intet straffbart forhold kan bevises» for skyttaren som forsøkte å stoppe elgen. Dermed blir saka lagt vekk.

Overvakingsvideoen frå bygget viste at den gravide kvinna berre var fire trinn unna toppen i det skotet gjekk gjennom veggen eit par meter frå henne.

– Bevisa er slik at vi ikkje kan seie at han var uforsiktig, dermed er det ikkje grunnlag for ein straffereaksjon. Han trudde rett og slett at han skaut mot ein betongvegg, seier påtaleansvarleg Ove Brudevoll i Møre og Romsdal politidistrikt.

Mannen var etterforska for uforsiktig omgang med skytevåpen.

Også politiet sjølv blei granska fordi dei ikkje rykte ut, men saka blei lagt vekk.

Ove Brudevoll

Påtaleansvarleg Ove Brudevoll i Møre og Romsdal politidistrikt seier politiet legg vekk saka.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

– Berre flaks at det ikkje gjekk liv

Lars Erling Koksvik er viltansvarleg i Kristiansund. Då han blei kjent med nestenulykka i fjor, fekk skyttaren sparken. Koksvik er sterkt kritisk til politiet sin konklusjon og meiner avfyringa av skotet mot elgen var klart uforsvarleg.

Han meiner han som skaut hadde fleire andre alternativ og kunne avbrote oppdraget.

– Det var berre flaks at det ikkje blei personskade og tap av menneskeliv. Eg meiner politiet har gjort ein slett jobb og at konklusjonen er feil, seier han.

Han seier det ikkje er aktuelt å gje skyttaren nye oppdrag.

Då jegeren fekk sparken, sa resten av jaktlaget opp i protest.

Skogbrukssjef Lars Erling Koksvik

Viltansvarleg Lars Erling Koksvik meiner politiet har gjort ein slett jobb og at konklusjonen som frikjenner skyttaren, er feil.

Overraska over kommunen

Randi Hagen Spydevold er advokat for den frikjende skyttaren. Ho er svært overraska over at kritikken ifrå kommunen ikkje no stilnar. Ho seier det har vore ei stor belastning for skyttarane som var involvert og at dei hadde venta seg ei orsaking frå kommunen. Den kjem neppe.

– Det at dei overprøver styresmaktene si avgjerd er svært spesielt. Det har eg aldri høyrt om før. Dei må ha respekt for politiet si avgjerd og den vurderinga som dei har gjort, seier ho.

No vil dei be kommunen om eit møte.

Advokat Randi Hagen Spydevold

Advokat Randi Hagen Spydevold representerer skyttaren.

Foto: NRK

Har kontakta advokat

Den gravide kvinna har no fått ei dotter på seks månader, og brukar vårdagane til trilleturar i sola. Opplevinga har vore ei stor belastning, og ho omtalar det som eit sjokk då ho fekk vite at politiet meiner det ikkje har skjedd noko straffbart.

Ho har kontakta advokat og vurderer no om det er noko ho kan gjere med saka.

Ein er jo livredd for å miste barnet når ein er gravid. Dersom kula hadde treft meg hadde det treft i magen. Konsekvensen vil eg ikkje tenkje på, det er heilt grufullt. Det var bra han hadde flaks den dagen, seier ho.

Politiet er kjent med kritikken frå Lisbeth Bach Sørensen og viltansvarleg Lars Erling Koksvik. Påtaleansvarleg Ove Brudevoll held fast på at saka er godt opplyst og seier etterforskinga har klarlagt det den skal.

Lisbeth Bach Sørensen
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

NRK har i ettertid lagt inn ei presisering. Her kjem det fram at skyttaren var ute på oppdrag frå viltnemnda i kommunen, og ikkje på ordinær jakt.