Hopp til innhold
Illustrasjon av gondolen i Rauma i Åndalsnes
Foto: Romsdalen AS

Gondolbane i Rauma

  • Mange tar gondolen

    Målet så langt er allereie passert sidan snart 80 000 har besøkt gondolen og Nesaksla på Åndalsnes. For den sju månader lange sesongen kan det bli 90 000 besøkande, seier dagleg leiar Pål R. Amundsen.

    Utsikt frå Romsdalsgondolen.
    Foto: REMI SAGEN / NRK
  • Romsdalsgondolen er open

    Romsdalsgondolen på Åndalsnes opna i dag. Det vart ei nedtona markering på grunn av smittevern. Gondolen går frå sentrum i Åndalsnes til fjellet Nesaksla. Utbygginga inneber også eit bygg med restaurant på toppen av fjellet, men den opnar ikkje før 2. juli.

    Utsikt frå Romsdalsgondolen.
    Foto: REMI SAGEN / NRK
  • – Får store ringverknader

    Det blir ei roleg opning av Romsdalsgondolen på Åndalsnes i ettermiddag, fortel sals og marknadsleiar Susanne Fausa Brastad. Men mange har lyst til å ta gondolen opp til Nesaksla, allereie frå i dag. Brastad trur det nye tilbodet får store ringverknader for heile fylket, men spesielt for Rauma og Åndalsnes.

    Utsikt frå Nesaksla
    Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK
  • Gondolopning 28. mai

    Romsdalsgondolen er i rute og opnar 28. mai. Det melder selskapet Romsdalen. Sjølve restauranten på toppen blir ikkje ferdigstilt før 2. juli. Bygginga av gondolen starta i mars 2020. – I perioden 28. mai og fram til 2. juli blir det tilbode gondolturar opp til Fjellstasjonen der det blir mogleg å sjå byggeplassen på nært hald, skriv selskapet i ei pressemelding.

    Kranbygging Nesaksla
    Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK
  • Har tilsett gondolrestaurantsjef

    Per Espen Thorgersen får jobben som dagleg leiar for Romsdalsgondolen restaurant på toppen av Nesaksla ved Åndalsnes. Det skriv Romsdalen AS i ei pressemelding. Thorgersen har blant anna vore kjøkkensjef på restaurantar i Lofoten, Drøbak og Oslo, samt drive sine eigne selskap innan sjømat og catering. No flyttar han med familien frå Viken til Rauma. Selskapet jobbar no med å tilsette resten av personellet fram mot åpning.

    Per Espen Thorgersen, daglig leder Romsdalsgondolen restaurant
    Foto: Romsdalen AS