Hopp til innhold

Kraftselskap tener godt

Like fort som vatnet susar gjennom turbinane i Tafjordfjella strømer pengane inn i kassa til Tafjord kraft. Resultatet for 2009 blei det nest beste i konsernet si historie.

Tafjord kraft

Tafjord kraft sitt bygg i Holen i Ålesund. Her kan dei notere at pengane strøymer inn.

Foto: Tafjord kraft

Likevel tente Tafjord kraft meir pengar i 2008 enn i 2009. Dei høge straumprisane vi opplever no kjem først med på 2010-reknskapen. Driftsresultatet i 2009 blei på 325 millionar kroner.

Lågare enn venta

Låge prisar gjorde at inntektene frå kraftproduksjonen var dårlegare enn venta, seier konserndirektør i Tafjord kraft, Sverre Devold.

Sverre Devold

Konserndirektør Sverre Devold.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Vi trudde vi skulle få høgare prisar i 2009 enn det som faktisk vart. Men med dei prisane som var i marknaden, må vi seie oss nøgde med resultatet, seier Devold.

Rekordresultat for Tafjord kraft

Tener pengar no

Situasjonen så langt i 2010 er heilt annleis enn det var i 2009. Prisnivået er eit heilt anna no.

- No er kraftprisane svært høge. Så akkurat no gjev kraftproduksjonen veldig gode resultat. Dei andre verksemdene våre er litt meir uavhengige av kraftprisen. Men akkurat kraftproduksjonen er inne i ein gunstig periode, seier Devold.

Ja til ureinsa gasskraft

Straumprisar går ut over industrien

Frykt for dyrare straum

Lovar ikkje prisnedgang

Høge prisar betyr at kraftselskapa tener godt med pengar. Men for folk flest og for industrien merkast det no på pungen. Og særleg i Møre og Romsdal er prisen svært høg. Sverre Devold lovar likevel ikkje at selskapet kan setje ned prisane når inntektene er så gode.

- På same måten som marknaden elles må vi forhalde oss til den nordiske kraftmarknaden. Krafta som vi sel kjøper vi på den nordiske kraftbørsen, og vi følgjer prisutviklinga der. Dersom vi skulle gjere avvikande handlingar i forhold til dette ville vi forstyrre heile prissystemet, seier Devold.

- Det er etablert ein nordisk kraftmarknad, og det er viktig at vi følgjer denne marknaden. At vi har høge prisar no er ein følgje av ressurssituasjonen. På vårt område er vi heilt avhengige av at her går maksimal last inn til Midt-Noreg. Produksjonen i Midt-Noreg er på ingen måte stor nok til å dekke behovet her, seier Devold.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL