Hopp til innhold

Ja til ureinsa gasskraft

Fylkesleiar i Krf i Møre og Romsdal, Jan Kåre Aurdal, seier ja til å nytte ureinsa gasskraft for å betre energisituasjonen i Midt-Noreg.

Jan Kåre Aurdal
Foto: Trond Vestre / NRK

For 10 år sidan gjekk Bondevik-regjeringa av - nettopp på grunn av at dei nekta å gje løyve til slike utslepp.

Men Aurdal meiner situasjonen er kritisk og meiner gasskraft er ei god mellombels løysing.

- Vi kan ikkje sitte å sjå på at vi har straumprisar som er så høge i forhold til resten av landet, seier Jan Kåre Aurdal.

Krise

Fylkesleiaren i KrF i Møre og Romsdal går dermed i mot det som har vore partiet sitt standpunkt helt sidan Bondevik-regjeringa gjekk av i 2000. Jan Kåre Aurdal understrekar at det han seier er eit lokalt synspunkt.

- Og det må vere lov å fremme slike synspunkt når situasjonen blir så dramatisk. Dette er bortimot ei krise både for næringslivet og for mange privatkundar. Derfor må vi finne andre løysingar, seier Jan Kåre Aurdal.