Hopp til innhold

Rekordresultat for Tafjord kraft

Straumselskapet tok inn dobbelt så mykje pengar i 2008 som året før.

Sverre Devold

OPP, OPP, OPP: Konsernsjef Sverre Devold viser fram eit svært godt resultat for 2008.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Driftsresultatet for 2008 vart 542,3 millionar kroner for Tafjord kraft.

Meir enn dobling

- Dette er rekord, seier konsernsjef Sverre Devold.

I 2007 vart driftsresultatet 260,9 millionar kroner. Det var rett nok ein liten nedgang frå dei 311,7 millionane selskapet enda på i 2006.

Resultatet etter skatt vart på 212,6 millionar i fjor, mot 105,8 året før.

Takkar straumprisane i Europa

Konsernsjef Sverre Devold har to forklaringar på rekordresultatet.

- Det eine er at me fekk nok vatn i anlegga, så me lukkast med å halde alle i drift. Det andre er at me fekk den høgaste straumprisen me har hatt nokon gong, seier Devold.

I tillegg takkar han straumprisane i Europa.

- Me får stadig fleire kablar frå Noreg til utlandet, og dermed også stadig meir kraftutveksling mellom Noreg, Norden og Europa. Prisane på råvarer er utslagsgjevande for kraftprisen i Europa, og dermed påverkar det også prisen her, seier Devold, og nemner eksempel som kol, olje og CO2-kvotar.

Ligg an til rekordutbytte

Normalt tar eigarane ut oppimot 70 prosent av overskotet i utbytte. Devold reknar med dei kjem til å legge seg på det nivået i år og.

- Av eit resultat etter skatt på 212 millionar kroner ligg det an til eit rekordutbytte, seier Devold.

Det kjem til å ligge på rundt 150 millionar kroner.

Ålesund kommune eig 50 prosent av selskapet, og kan dermed ende opp med eit utbytte på 75 millionar kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL