Hopp til innhold

– Glad vi slepp våpen ute blant folk

Norsk politi bør ikkje vere væpna med skytevåpen, konkluderte væpningsutvalet. Det ser ut til å vere ei glede for folk flest.

Politi med våpen

Om væpningsutvalet får det som dei vil, vil væpna politi ikkje vere framtida i Noreg.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Det regjeringsoppnemnde utvalet konkluderte med at elektrosjokkvåpen kan prøvast ut, men at skytevåpen ikkje bør bli normalen i politiet.

Marianne Leite

Marianne Leite, her i Ålesund, er glad for konklusjonen til utvalet.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Dei kan gjerne ha våpen i bilane sine, men å gå rundt med våpen ute blant folk er eg glad vi slepp. Eg forstår at politiet må ha våpen, men eg føler samfunnet blir annleis om dei må ha det tilgjengeleg heile tida, seier Marianne Leite på gata i Ålesund.

Blant dei mange spurte var tonen den same: politi med skytevåpen med seg heile tida skal ikkje vere naudsynt i Noreg.

Sondre Stette

Sondre Stette har aldri likt væpna politi.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Eg har aldri likt væpna politi. Vi har klart oss utan væpna politi i så mange år, kvifor skal vi starte med det no? undrar Sondre Stette, som har sakene med vådeskot i politiet under den 14 månader lange mellombelse væpninga, friskt i minne.

– Trur ikkje vi er klar

Geir Ove Gjelsvik dreg òg fram episodane med vådeskot når han seier seg fornøgd med konklusjonen til utvalet.

Geir Ove Gjelsvik

Geir Ove Gjelsvik trur ikkje den norske befolkninga er klar for konstant væpna politi.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Eg ser ingen grunn til å ha generell væpning slik situasjonen er i landet vårt, seier Gjelsvik til NRK.

Han meiner dagens løysing, med framskoten lagring i politibilane, er fornuftig.

– Eg trur ikkje vi er klare for konstant væpna politi, konkluderer Gjelsvik.

Vanskeleg situasjon

Utvalet var splitta om konklusjonen som blei levert til justis- og beredskapsminister Per Willy Amundsen (Frp) onsdag. Den endelege konklusjonen var ikkje gode ord for leiar i Politiets Fellesforbund Sigve Bolstad.

Bevæpnet politi

Bilde som dette skal ikkje bli normalen for politiet om væpningsutvalet får viljen sin.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

– Skuffande, svært skuffande. Vi meiner først og fremst at det er belegg for å kunne seie at norsk politi burde kunne vere væpna. Vi har vore mellombels væpna i 14–15 månader, med eit godt utfall og ros frå mellom anna politidirektøren, sa Bolstad til NRK.

I Ålesund forstår visepolitimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt godt at Bolstad er skuffa. Likevel meiner han ordninga i dag er meir enn god nok.

– Det er ei vanskeleg avveging. Folk skal føle seg trygge og føle dei blir beskytta av væpna politi når det er naudsynt. I enkelte situasjonar kan vi vere vekke frå politibilen og ha litt lang veg tilbake for å væpne oss, men vi meiner det skjer så sjeldan at det ikkje veg opp for gode argumenta for vere uvæpna, seier Farstad.

Visepolitimeisteren trur likevel vi kan sjå væpna politi i framtida, men då mellombels.

– Eg trur nok at framtida vil vise at vi på nytt kjem inn i situasjonar der vi treng mellombels, alminneleg væpning, avsluttar han.

Ingmar Farstad

Visepolitimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt er fornøgd med konklusjonen til utvalet.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL