Hopp til innhold

Glad for at det blir manuell teljing

– Eg føler meg mykje tryggare no når røystene skal teljast manuelt, seier professor i informatikk, Kai Olsen.

Kai Olsen

Professor i informatikk ved Høgskolen i Molde, Kai Olsen, applauderer avgjerda om å telje valrøystene manuelt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fredag blei det kjent at kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har bestemt at det likevel skal gjennomførast manuell teljing av røystene ved årets stortingsval.

Det skjer etter at NRK har sett fokus på tryggleiken ved berre å ha elektronisk oppteljing, slik mange kommunar hadde tenkt. Sensitive datafiler som blir brukte til å identifisere kommunane i systemet låg ope ute på nett.

– Ein klarer ikkje å lage sikre elektroniske system. Å telje manuelt er mykje tryggare, seier professor i informatikk ved Høgskolen i Molde, Kai Olsen.

Han har studert og skrive mykje om teknisk gjennomføring av val og er heilt sikker i si sak, manuell teljing er det beste.

Frykt for hacking

Jan Tore Sanner sa fredag til NRK at ein ikkje kan utelukke at den manuelle teljinga kan kome til å forseinke det endelege valresultatet, men understreka at tilliten til valet er viktigast.

Det er informatikkprofessor Kai Olsen heilt einig i.

– Systema kan hackast utanfrå og det er forferdeleg vanskeleg å vurdere om systema er sikre. Då er det ikkje nok å vere IT-ekspert, her treng ein verkeleg spesialkompetanse.

Olsen foreslår at ein kan telje røystene elektronisk, for å kome med eit uoffisielt resultat på valkvelden. Dagen etter kan ein kome med det offisielle resultatet frå den manuelle teljinga.

– Fordelen med å telje manuelt er at det er eit system som alle kan forstå og som alle kan sjekke. Det er eit mykje tryggare system.

Jan Tore Sanner

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner har snudd. Han vil ikkje lenger ha elektronisk oppteljing av valrøystene.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

– Ser ingen grunn til å ha elektroniske val

Kai Olsen peikar også på at tal frå USA har vist at det også er billegare med papirval enn elektronisk val.

– Gevinstane ved å køyre elektronisk val er marginale. Og då ser eg absolutt ingen grunn til å gjere det.

– Er det ein reell fare for at hackarar kan manipulere eit norsk val?

– Ja. Det er fullt mogleg. Det er ingen system som er heilt sikre.

Jan Tore Sanner kjem med kontrabeskjeden om valmetode berre dagar før valet, noko Olsen omtalar som seint, men godt.

– Det var ei veldig god avgjerd.