Hopp til innhold

- Skrekkeleg dårleg handtering

Jon Aasen (Ap) støttar kravet om at helse- og omsorgsministeren må gå dersom ho ikkje snur i sjukehussaka. Aasen er Arbeidarpartiet sin fylkesordførar-kandidat i Møre og Romsdal. Han markerer seg med dette imot sin eigen statsråd.

Jon Aasen
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

- Helse- og omsorgsministeren har handtert sjukehussaka svært dårleg. Eg er svært kritisk, seier Jon Aasen.

Støttar krav om avgang

Aasen støttar ordførarane i ROR (Romsdal Regionråd) sitt krav om at helse- og omsorgsminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen må gå av dersom ho ikkje snur i sjukehussaka.

Les:

- Eg kjenner til at ordførarane i Romsdal har vore samla og at dei er einige om at dersom dette ikkje vert retta opp, så må statsråden ta sin hatt og frakk og gå, seier Aasen.

- Dersom eg skal spørje hjartet mitt, og ikkje vere lojal, så vil eg slutte meg til det. Det er rett og slett fordi handteringa her er så skrekkeleg elendig.

Jon Aasen er ein av mange som synast at Strøm-Erichsen har brote det ho har lova om nye Molde sjukehus.

- Det er svært bra at Kristiansund får behalde akutt- og fødetilbodet, men vi hadde i tillegg venta at det vart gitt eit klarsignal for nye Molde sjukehus innanfor ein høveleg frist, slik ho har lova.

- Svært opprivande

Saka har skapt store konfliktar mellom Kristiansund og Molde, og Nordmøre og Romsdal.

- Vi vil ha nye Molde sjukehus på plass. Det kan ikkje halde fram slik som i dag med nærast borgarkrig mellom Kristiansund og Molde. Det er svært opprivande og svært dårleg, seier Aasen.

Han meiner også at Anne-Grethe Strøm-Erichsen har heldt sine kollegaer i Arbeidarpartiet utanfor.

- Vi i Arbeidarpartiet vart lova at vi skulle ha ein dialog i denne saka, men ikkje ein gong stortingsrepresentantar frå Møre og Romsdal har vore med på å planlegge korleis dette skal organiserast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL