Hopp til innhold

- Gjelsten vil byggje nytt sjukehus i Molde

– Investor og finansmann Bjørn Rune Gjelsten vil byggje nytt sjukehus i Molde, seier ordførar i Molde, Jan Petter Hammerø.

Video 72995c7a-50e0-4b5b-a8db-7da96e8e1d4c.jpg

Han ventar no på eit tilbod om finansiering og bygging av det som kan verte eit nytt sjukehus på Eikrem i Molde. Tilbodet kjem frå eigedomsselskapet Fabritius som finansmann Bjørn Rune Gjelsten sit med kontrollen over. Nyheita frå ordføraren vart ei ekstra julegåve for Molde si befolkning torsdag kveld.

Les også:

Gjelsten tok kontakt

Molde-ordføraren har arbeidd sidan midten av desember med å finne private investorar til å byggje nytt sjukehus. Det var like etter det, at Gjelsten sjølv tok kontakt med Hammerø for fortelje at han ville bidra til at det kunne verte finansiert, planlagd og bygd eit nytt sjukehus i Molde.

Bjørn Rune Gjelsten

Bjørn Rune Gjelsten vil byggje nytt sjukehus på Eikrem i Molde.

Foto: Olsen, Linn Cathrin / VG

Før Gjelsten dro på juleferie til Hafjell sette han nemleg medarbeidarane sine til å utarbeide eit tilbod. Byens rike onkel stadfesta overfor NRK i ettermiddag at selskapet Fabritius åleine kan løfte eit så stort prosjekt, men at detaljane først vil kome på plass utpå nyåret.


Det nye sjukehuset er rekna til å koste rundt tre milliardar kroner.

Les også:

Ventar enno på tilbodet

Ordføraren vil nemleg ha private investorar på banen slik Molde kommune gjorde då Aker Stadion, byen sitt nye hotell og storstue i Bjørnsonhuset og flyplassen vart bygd.
I Molde har politikerne tradisjon for å sørge for pengane dersom staten nektar å stille opp.

– Så no ventar du på tilbodet?

– Eg hadde faktisk trudd at det kom i dag, men det kan hende det dukkar opp i morgon eller rett over nyttårshelga, seier Hammerø til NRK.

– Kva er det som står i det tilbodet?

– Det veit eg ikkje, men det står det at dei kan ta på seg å planlegge ferdig, bygge og finansiere eit nytt sjukehus i Molde, og då vere ein eigar av det som kan leige det ut til Helse-Midt Noreg, legg Hammerø til.

Jan Petter Hammerø

Molde-ordførar, Jan Petter Hammerø, håpar at bitane skal falle på plass for bygging av nytt sjukehus i Molde.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Same byggetid

Hammerø seier byggetida for å reise eit nytt sjukehus, vert den same uansett kven som gjer det.

– Men dei er klare til å starte ganske umiddelbart, når alle andre ting er på plass. Det ein også bør merke seg er at dei har gjort tilsvarande prosjekt for staten når det gjeld sjukehuset i Stavanger, med sjukehotell og parkeringsanlegg.

Må få svar frå styresmaktene

Jan Petter Hammerø har stor tru på på prosjektet, men om styresmaktene vil akseptere det gjenstår å sjå.

– Ja, at det let seg gjere, det er i alle fall heilt openbart.

Molde-ordføraren har også vore i dialog med styreleiaren i Helse Midt-Noreg, Kolbjørn Almlid.

– Det han sa til meg er at han tykkjer det kunne ha vore interessant, og han sa det på den måten at: Send det over når du har fått det, så skal vi sjå på det.

– Så det er openheit i Helse Midt- Noreg dersom styresmaktene vil godta dette?

– Ja, i alle fall slik det er ordlagt til meg no, så er det i alle fall eit ønskje om å få eit slikt tilbod på bordet, og så gå vidare med det.

Les også:

Håpar viljen er til stades

Hammerø er ikkje i tvil om at denne måten å starte bygginga av nytt sjukehus i Molde på er muleg, men kor realistisk det er å få til, vil han ikkje seie så mykje om.

– Det får nesten styresmaktene seie noko om, for det er dei som kan seie ja eller nei til eit såpass privat initiativ som er gjort frå Bjørn Rune Gjelsten si side.

– Det er muleg dersom ein vil. Det spørs om viljen er til stades, legg han til.

– Har tru på berekraftig prosjekt

Hammerø seier han ikkje er så spent på innhaldet i tilbodsavtalen.

– Eg vil berre sjå at dei beskriv korleis dei vil gjere det, korleis dei vil finansierer det, og så får vi sjå kva økonomi som ligg i det for Helse Midt, seier han.

– Men at det skal vere berekraftig, det er du sikker på?

– Det er eg temmeleg sikker på, seier han engasjert.