Hopp til innhold

- Ap er ikkje skurkane i sjukehusstriden

- Det er ikkje Arbeiderpartiet i Kristiansund som er skurkane i sjukehusstriden i Nordmøre og Romsdal, meiner Ap-veteranar i Kristiansund.

Per Kristian Øyen og Harald Stokke

OPPGITTE: Kristiansund-ordførar Per Kristian Øyen og Harald Stokke meiner det ikkje er Arbeidarpartiet som er skurken i sjukehusstriden.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Det er direktøren og styreleiaren i Helse Midt-Norge, seier Arbeidarpartiveteran i Kristiansund Harald Stokke.

Han har lese det private notatet fra møtet i departementet, og meiner føretaket ville ta frå Kristiansund fleire funksjonar.

- Viss ein les referatet ser ein at det er heilt andre som er skurkar oppe i dette, seier Stokke til NRK.

- Det triste er at det ikkje har kome fram, seier han.

- Ville hatt igjen medisinsk senter

For etter Stokke si meining er det direktøren og styreleiaren i Helse Midt-Noreg som er skurkane.

Saman med Stokke har Kristiansund-ordførar Per Kristian Øyen lest notatet. Dei er sjokkerte over det helseføretaket vil gjere med sjukehuset i Kristiansund.

- Dei vil kutte føde, ortopedi, kirurgi og barneavdelinga, står det i notatet, seier Øyen.

- Då sit me att med eit medisinsk senter i Kristiansund. Det planla altså Helse Midt-Noreg allereie i februar, seier han.

Les meir om sjukehusstriden her:

- Dette er demokrati

- Så starta dei ein prosess som dei kalla 2020, som heilt klart har vore ein skinnprosess. No er dei avslørte, ein gong for alle, seier ordføraren.

- Dette er ein skandale overfor folket i regionen.

Øyen og Stokke seier at dei har jobba for sjukehuset i Kristiansund, men ikkje jobba mot nytt sjukehus i Molde.

- Det som no har skjedd er demokrati, seier Stokke.

- Skiten krig

- Det er ikkje demokrati at det sit ein småkonge eller to oppe i Stjørdalen og trur dei skal avgjere korleis helsetilbodet skal vere i Møre og Romsdal, meiner han.

For demokratiet er når det blir utøvd av dei som er valde til å utøve makta, nemleg Stortinget, departementa og regjeringa.

- Det er dei, og ikkje Kolbjørn Almlid og Bovim i Stjørdal, seier Stokke.

- No blir det ført ein krig som er utruleg skiten, seier Per Kristian Øyen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL