Hopp til innhold

Toppkandidat fryktar at Ap taper Vestlandet

Arbeidarpartiet har sett seg som mål å vinne Vestlandet ved det komande valet. Toppkandidaten i Møre og Romsdal, Jon Aasen, trur handteringa av fleire saker er i ferd med å øydeleggje dette.

Jon Aasen

Jon Aasen er Arbeidarpartiet sin fylkesordførarkandidat i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Jon Aasen er Arbeidarpartiet sin fylkesordførarkandidat i Møre og Romsdal. Han har vore ein av dei fremste Arbeidarparti-politikarane i ei årrekkje. Det er ikkje berre handteringa av sjukehussaka som gjer at han fryktar at Arbeidarpartiet får problem på Vestlandet.

– Hugs at vi har dei høgste straumprisane i landet. Vi har fyr i heile sjukehus-vesenet på heile Vestlandet. Vi ser at staten brukar milliardar på vegutbygging, medan vi slit med dårlege vegar, seier Jon Aasen.

– Brutal meningsmåling

Avisa Romsdals Budstikke presenterte i går ei meiningsmåling, som viser at Arbeidarpartiet berre har ein oppslutnad på 5,8 prosent i Molde. Dette er ein kraftig tilbakegang. Ved siste val hadde Arbeidarpartiet ein oppslutnad på over 30 prosent i rosenes by.

– Denne meiningsmålinga opplever eg som svært brutal. Det er ein stemningsrapport i ei spesielt vanskeleg sak, nemleg sjukehussaka. At det skulle vere så dårlege tal er i overkant av det eg i verste fall frykta, seier Jon Aasen.

– Sjukehussaka påverkar valet

Det er framleis ei stund til valet. Men Jon Aasen trur valet kan bli påverka av sjukehusstriden i vinter.

–Eg fryktar at sjukehussaka kan bli vanskeleg også ved valet i haust. Men eg trur ikkje det bli så dårlege tal då. Hugs at lokalvala også er personval. Ein del stemmer på lokale kandidatar. Men dette er så brutalt at det er all grunn til å ta det alvorleg, seier Aasen.

– Dårleg kommunikasjon

Jon Aasen seier at handteringa av sjukehussaka er eit skuleeksempel på dårleg kommunikasjon.

– Denne saka kjem til å gå inn i alle lærebøker om korleis det kan verkeleg gå ille dersom ein har dårleg kommunikasjon. Å gå ned frå 30 prosent som Molde Ap hadde ved førre val og ned til rundt 6 prosent, dette seier seg sjølv at det er ekstremt dårleg handtert frå regjeringa si side, seier Aasen.

– Må kommunisere betre

Dersom Arbeidarpartiet skal vinne Vestlandet, må partiet levere dei varene som Vestlandet kan vinnast på, seier Aasen. Han meiner at Arbeidarpartiet ikkje har gjort dette til no.

– Arbeidarpartiet si målsetjing om å bli sterkare på Vestlandet var heilt korrekt i si tid. Eg ser ikkje vekk at denne målsetjinga framleis gjeld i dei innerste partikontora. Men då må partiet kommunisere med Vestlandet på ein heilt annan måte, seier Aasen.