Hopp til innhold

Gatt, Wolff Eikrem og Angan i Molde

Manager Solskjær stilte med fleire nye spelarar til si fyrste trening i Molde.

Ole Gunnar Solskjær trening

I NY ROLLE: Ole Gunnar Solskjær var i dag på plass som manager i Molde.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Davy Claude Angan

KJEM FRÅ HØNEFOSS: Fire millionar kroner må Molde FK ut med for Davy Claude Angan.

Foto: Åge André Breivik / NRK
Magnus Wolff Eikrem

I BLÅTT: Magnus Wolff Eikrem var med på si fyrste MFK-trening onsdag.

Foto: Åge André Breivik / NRK
Stor interesse for Solskjær-trening

STOR INTERESSE: Solskjær sitt comeback til norsk fotball drog mange til Akerhallen onsdag.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Som venta var Hønefoss-spissen Davy Claude Angan på plass i Akerhallen. Ringblad.no skreiv tysdag at spelaren var klar for MFK.

I tillegg var Magnus Wolff Eikrem med på treninga. Han kjem frå Manchester United, der han har spelt sidan 2006. Då kom han frå nettopp Molde.

20-åringen har fått drakt nummer sju til jubileumssesongen til MFK.

Amerikanar på plass

Tysdag denne veka kom Bjørn Rune Gjelsten med på MFK-laget, og bidreg med 20 millionar kroner til klubben.

I dag hadde Solskjær si fyrste trening med MFK , etter returen til norsk fotball. Med på treningsfeltet hadde han fleire nye spelarar.

Frå austerriksk fotball kom Joshua Gatt, som truleg blir presentert som MFK-spelar i ettermiddag. Då blir truleg også Børre Steenslid sin overgang frå Viking stadfesta .

Optimisme i Molde

Det er venta at Solskjær vil kjøpe inn spelarar til klubben, og han har etterlyst ei satsing frå klubben han no er manager for.

Les meir om Solskjær-returen: