Hopp til innhold

Solskjær klar til sesongstart

- No har eg den stallen eg vil starte sesongen med, seier Ole Gunnar Solskjær onsdag ettermiddag.

Solskjær presenterer spelarar

MANAGEREN OG HANS KJØP: Ole Gunnar Solskjær presenterte sine nykjøp, Magnus Wolff Eikrem (til venstre), Joshua Gatt og Davy Claude Angan.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Magnus Wolff Eikrem

HEIM TIL MOLDE: Magnus Wolff Eikrem har vore i Manchester United i fire år, og kjem no heim til Molde.

Foto: Åge André Breivik / NRK

For onsdag ettermiddag vart tre spelarar presenterte som nye Molde-spelarar. Davy Claude Angan, Joshua Gatt og Magnus Wolff Eikrem sat ved sidan av manager Solskjær på pressekonferansen.

Gatt og Wolff Eikrem har signert for tre år for klubben i Rosenes by, medan Angan har fireårskontrakt med klubben.

I tillegg har han eit par namn på blokka som ikkje er heilt klare.

Steenslid ikkje klar

Ole Gunnar Solskjær

FORNØGD: - No har me om lag den stallen me vil ha, seier Ole Gunnar Solskjær.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Me er einige med Viking, seier Ole Gunnar Solskjær på pressekonferanse onsdag ettermiddag. Det har vore rapportert at Børre Steenslid skulle til Molde, men dette er ikkje avklart endå, seier Solskjær.

- I dag kommenterer eg berre dei som er heilt klare, seier manageren.

- Viktig med fyrstelagsfotball

- Ole Gunnar har kome tilbake med mange flinke folk, og eg er frå Molde, sa Magnus Wolff Eikrem.

Han er tilbake i Molde etter fire år i Manchester United. Midtbanespelaren fekk veldig gode skussmål for manageren som no har henta han heim til Molde.

- Det var viktig for meg å spele fyrstelagsfotball no, så då vart Molde det rette valet, sa 20-åringen.

Video: Det er godt å kome i gang

Video -Det e godtå komme igang

- Vinnartype

- Magnus er ikkje berre ein god fotballspelar, men eit godt menneske, sa manager Solskjær.

- Han har visst gode haldningar, og er ein vinnartype. Kanskje like gale som Petter Rudi og Kjetil Rekdal til saman, smilte Solskjær.

Med mellom anna Wolff Eikrem og Makthar Thioune på midtbana, meiner no Solskjær at han har ei av dei beste midtbanene i Noreg.

Rask amerikanar

På motsett side av manageren sat Joshua Gatt.

- Farta mi er nok mi sterkaste side, sa Joshua Gatt. Amerikanaren kjem frå Michigan, og har vore innom austerriksk fotball før han no kjem til Molde.

  • Er denne stallen god nok til å innfri forventningane som er til Ole Gunnar Solskjær? Diskuter nederst i artikkelen.

Kjøper inn

Onsdag stadfesta Hønefoss at Davy Claude Angan er på veg til MFK . Tysdag vart det klart at Bjørn Rune Gjelsten går inn med 20 millionar kroner til klubben .

Joshua Gatt og Sean Cunningham

AMERIKANARAR I ROSENES BY: Joshua Gatt (t.v.) er klar for Molde, medan Sean Cunningham er på prøvespel. Dei to kjem frå klubben Michigan Wolves i USA.

Foto: Åge André Breivik / NRK

På Solskjær si fyrste trening var det også med to spelarar på prøve i Molde. Desse er det ikkje sikkert om dei blir verande i klubben, sa Solskjær.

Sean Cunningham kjem frå Michigan Wolves, same klubb som Joshua Gatt spelte for i USA. Medan Gatt har vore innom Austerrike, kjem Cunningham rett frå Michigan.

- Må bygge stegvis

Om Børre Steenslid også kjem til klubben er Solskjær nøgd med stallen sin.

- Då skal me ikkje sjå vekk frå at det blir meisterligaspel, som då Molde møtte Real Madrid, sa Solskjær.

- Men då må me bygge steg for steg.