Hopp til innhold

Fyrste MFK-trening for Solskjær

Klokka ti onsdag formiddag starta Ole Gunnar Solskjær si fyrste trening som MFK-manager.

Akerhallen

STILLE FØR STORMEN: Akerhallen var tom ti minutt før Ole Gunnar Solskjær si fyrste MFK-trening starta.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Treninga kom ikkje i gong før ei stund etter ti, men manageren var på plass i Akerhallen for å førebue anlegget i ro og fred.

Vil kjøpe nytt

Det er knytt store forventningar til Solskjær i hans fyrste sesong som manager, etter at han kom frå Manchester United.

I går kom Bjørn Rune Gjelsten inn med 20 millionar i klubben , som skal brukast til spelarkjøp. Onsdag stadfestar Hønefoss at spissen Davy Claude Angan går til MFK .

Store forventingar

Hovudpersonen sjølv tek ned forventingane til sin fyrste sesong.

Men mange har store forventingar til effekten Solskjær vil ha for norsk fotball.