Hopp til innhold

– Naivt å tru at Staten kan ordne opp

Næringslivet vil at Staten skal ta over ansvaret for fleire fylkesvegar. Leiaren i samferdselsutvalet meiner at det er naivt å tru at Staten kan ordne opp i vegproblema.

Helge orten, oddbjørn vatne, kjell larsen

F.v.: Helge Orten, Oddbjørn Vartne og Kjell Larsen er ikkje heilt einige i kven som bør ha ansvaret for fylkesveg 65.

Helge Orten

Helge Orten (H) i transportkomiteen på Stortinget.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Helge Orten (H) i Stortinget sin transportkomite meiner at fylkesveg 65 mellom Surnadal og Meldal i Trøndelag er ein av vegane som Staten bør ta over. Han trur at enkelte fylkesvegar kan bli overtatt av Staten.

– Fylkeskommunen har ikkje nok pengar til å løyse dei problema som er på vegane våre. Fylkesveg 65 er eit godt eksempel, men det finst òg fleire vegar av same sort i fylket vårt, seier Orten.

Viktig for næringslivet

Forvaltningsreforma som kom i 2010 gjorde at fylkeskommunen no set med hovudansvaret for vegnettet. Orten seier at fylkesveg 65 er viktig for næringslivet og godstrafikken som går på tvers av fylkesgrensene.

– Dette er ein diskusjon som vi allereie har starta. Fleire fylkesvegar er viktige for næringslivet, og for at desse skal bli betre så bør Staten ta over, seier Orten.

Orten vil gjerne at fleire vegar skal leggast under Staten. Men betyr det at vegane faktisk vert betra?

– Fylkeskommunane har ikkje god nok økonomi til å gjere noko med vegproblema. Difor trur eg at det er større sjanse for betring viss dei viktigaste fylkesvegane vert lagt direkte under Staten igjen, seie Orten.

– Naivt å tru at Staten vil gjere noko

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn Vatne (Sp) er leiar for samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Kjell Larsen

Kjell Larsen er administrerande direktør i Pipelife, som er den største næringslivsaktøren i Surnadal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Oddbjørn Vatne (Sp), leiar for samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, er kritisk til å legge fylkesvegane under Staten.

– Tidlegare så har dette vore ein dårleg idé. Då staten overtok riksveg 70 så trudde vi at vi fekk løyst problema mellom Tingvoll og Meisingset.

Vatne fortel at då den vegen var fylkesveg så var den i same prosjektet som Skodjebrua og Haukebøen, som var høgt prioritert. Skodjebrua er på plass, bompengane er nedbetalt. Det same gjeld Haukebøen.

– Men vi held framleis på med riksveg 70. Ingenting har skjedd med denne vegen bortsett frå arbeid etter ras. Eg meiner at det er naivt å tru at Staten vil gjere noko med fylkesveg 65.

– Hastar med å betre vegen

Kjell Larsen, administrerande direktør i Pipelife, meiner at det hastar med å få utbetra fylkesveg 65 mellom Surnadal og Meldal.

– Problemet er at fylkeskommunane ikkje har ein sterk nok økonomi til å gjere noko med denne vegen. Eg meiner at ein får fleire ressursar å hente frå viss Staten tar ansvaret.

Larsen fortel at denne prosessen er i gong allereie, men det går ikkje fort nok for Pipelife. Han meiner at denne vegen er eit stort handikap for selskapet deira og resten av næringslivet i området.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL