Hopp til innhold

FrP meiner fylkesvegane må tilbake til staten

100 millionar i året til å dekke forfallet på fylkesvegar i Møre og Romsdal er ikkje nok, meiner Frp. Dei vil at staten skal ta over ansvaret for vegane.

Frank Sve(FrP)

FOR LITE: Frank Sve i Samferdselsutvalget i Møre og Romsdal meiner det er alt for lite pengar til vedlikehald av fylkesvegar i Nasjonal transportplan.

Foto: Trond Vestre / NRK

Frank Sve (Frp) er medlem i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, og han meiner det som kjem fram i Nasjonal transportplan stadfestar at fylket ikkje kan ha ansvaret for fylkesvegane.

Les også:

– Ikkje ei styrking

Fylkeskommunen vil bli tilført 10 milliardar i året frå 2014 til 2023. Dette betyr truleg at Møre og Romsdal får 100 millionar i året. Korleis pengane blir fordelt mellom fylka blir endeleg avgjort i kommuneproposisjonen som kjem 7. mai.

– Dette er ikkje ei styrking. Statens vegvesen har sagt at vi må ha minst 120 millionar i året berre til asfaltlegging for å halde oppe dagens dekning, seier Sve.

I Nasjonal transportplan for 2014–2023 slår regjeringa fast at dei vil styrke fylkeskommunen si evne til å ta igjen forfallet på fylkesvegar.

– Det som regjeringa no løyver, er så lite at det dekkjer ikkje asfalten ein gong, hevdar Sve.

Han meiner at dette stadfestar at staten må ta tilbake vegane som har vorte fylkesvegar.

For enkelt

Oddbjørn Vatne

NØKTERN: Leiaren i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne (Sp), er nøktern optimist med tanke på vedlikehald av fylkesvegar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Leiaren i Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Oddbjørn Vatne (Sp), meiner det blir for enkelt å tru at alt løyser seg om staten tar over vegane.

– Det etterslepet vi slit med i dag, vart opparbeidd då vegane var statlege, så det blir for enkelt å tru at alt ordnar seg om staten tar over, seier han.

Han er likevel samd i at det trengst meir pengar til vedlikehald.

– Mitt parti ville ha meir til vedlikehald av fylkesvegar, men slik er det med forhandlingar, og eg trur vi skal klare å få til mykje likevel, seier han.

Han presiserer at rassikringspengar på rundt 110–120 millionar i året, kjem i tillegg til dei 100 millionane i året Møre og Romsdal truleg får til å ta igjen forfallet på fylkesvegane.

– Med dei rassikringspengane kan vi greie både Røyr-Hellesylt og eit stykke på Geirangervegen, så der kjem vi godt ut.