Hopp til innhold

Nordøyvegen er samrøystes vedteken

Dette kan bli ein historisk dag for Nordøyane. Fylkestinget diskuterer og skal gjere vedtak, eit ja eller nei, til bygging av Nordøyvegen.

Nordøyvegen skal binde saman øyane i Haram og Harøya i Sandøy. Desse øyane skal samstundes få fastlandssamband.

Denne artikkelen blir oppdatert etter kvart som debatten skrid fram. Trykk F5 for å få dei siste oppdateringane.

Stemmeresultat: Nordøyvegen er samrøystes vedteken.

Tillegget frå SV, om kollektivtrafikk og sykkel- og gangvegar fekk berre ei røyst.

Fylkestinget handsamar Nordøyvegen

Slik ser det ut i fylkestingssalen måndag formiddag.

Foto: Roar Halten / NRK

14.29: Møtet er heva. Det blir applaus og jubelrop frå salen. Tilhøyrarane forlet benkene.

14.27: Jon Aasen, fylkesordførar. Dette blir eit vedtak for det verdiskapande Noreg.

Fylkestinget går no til avrøysting.

14.25: Knut Støbakk, Kristeleg folkeparti: Gratulerer med dagen. Vi får eit samrøystes vedtak.

Eg er frå Giske. Frå økonomane si side var sambandet vårt ei krise. Men slik vi ser det i dag, er det ein suksess. Suksess blir det for Nordøyane også.

Vi treng vidare eit samband mellom Hamsundet og Ålesund.

Lukke til.

14.23: Ingrid Opedal: Vi er forplikta til å satse på gode kollektivløysingar.

14.23: Torleiv Rogne, Sunnmørslista: La oss ikkje gjere det slik at vegen framover blir stoppa så snart vi let att døra i dag.

14.22: Ingrid Opedal, SV: Det er viktig å vere obs på det som handlar om gang og sykkelvegar. Vi må ha med signala om dette. Forslaget mitt går ikkje på å ta det inn i ramma i dag.

Det er snakk om småpengar i den store samanhengen.

14.20: Iver Nordseth, Venstre: Oslo er full av byråkratar som vil setje renta over 6 prosent. Dei ønskjer ikkje at alle prosjekt skal bli realisert.

Saken er den: Grunnen til at vi får dette gjennom er at vi vedtek dette lokalt i fylkestinget.

Prosjektet er skjørt. Vi må sjå det i ein heilskap. Vi må ikkje setje det på spel med å hekte på gang og sykkelvegar. Dette kjem vi tilbake til i ein heilskapleg samanheng.

14.16: Frank Sve, Framstegspartiet: Alle er no samde om at vi må bruke pengar på samferdsle. Men det er underleg å sjå at vi har 4 milliardar i etterslep på vedlikehald.

Fleire må gjere ein jobb inn mot eigne parti for å få ordna dette.

Det er bra at vi er samde.

Vi må ikkje hekte på gang og sykkelvegar. Vi har prioritering på store prosjekt. Vi må også innfri det vi har sagt om gang og sykkelvegar og å sjå heile fylket under eitt.

Vi må sjå på anboda. Viser det seg å at anboda er positive, kan det vere rom for å sjå på andre ting.

No må fjordkryssinga på plass, og vi må ikkje hekte på andre ting.

Vi må bruke tid inn mot andre parti på Stortinget. Vi har ein jobb å gjere.

14.13: Ole Bjørn Sandøy. Det er ei ære å få stemme ja til prosjektet.

Vi må ta slike tøffe og viktige prioriteringar. Skal Møre og Romsdal vere eit fylke for framtida må vi støtte næringslivet. kommunikasjonar blir stadig viktigare.

Det er optimisme som er unik på Nordøyane.

Det står respekt av at folket står rakt. Med Nordøyvegen gir vi rammevilkår som fortent.

14.10: Toril Røsand, Høgre: Infrakstruktur er det viktigaste grunnlaget for god samfunnsutvikling og næringsutvikling. Eg trekkjer linjer til eigen kommune, Averøy. Vi har fått samband nordover og sørover.

Då vi opna Atlanterhavstunnelen i 2009. Averøy har den mest positive befolkningsauken på Ytre Nordmøre. Det er utvikling av arbeidsplassar.

Nedbetalinga har gått raskare enn planlagt.

Ei samla Høgregruppe går inn for Nordøyvegen.

Det er fantastisk at det er så mange ungdommar her. Vi kan gratulere kvarandre. Vi bør synge "Mellom bakkar og berg ut med havet".

14.07: Ewa Hildre, Høgre: Det handlar om regional utvikling, lokal næringsutvikling om optimisme og snu,

Vi må bli attraktive og trekkje til oss arbeidsplassar.

Vi kan og skal legge til rette for fornuftig finansiering. Men vi må løfte blikket. Kva hadde Herøy og Ulstein vore utan gode samferdselsprosjekt?

Også med Skodjebrua blei det nedbetaling raskare enn det kalkylane viste. Slik er det med mange prosjekt. Dette bør analyserast med fleire gjennomførte samferdsleprosjekt.

Det er eit politisk samfunnsansvar å satse på ungdommen. Fylkestinget må gjere som samferdsleutvalet sa. Bygg Nordøyvegen.

14.05: Knut Anders Oscarson: Eg ser dei økonomiske utfordringane. Eg kjenner eit snev av ansvarsløyse. Men eg let det fare.

Prosjektet er til fordel for heile fylket. Også i Ålesund høyrer eg folk som dreg i tvil om det bur folk på Nordøyane. Men det gjer det faktisk.

Er det noko som Ålesund er avhengig av, for å utvikle seg som regionhovudstad, så er det eit omland med eit næringsliv som blomstrar.

By og land hand i hand.

14:01: Petter Bjørdal, Arbeidarpartiet: Du må ha litt ekstra guts for å kome hit. Det er ein kjempeviktig dag for dei som bur på øyane, og for heile Møre og Romsdal.

Eg vil rose fylkestinget: Vi står skulder ved skulder og klarer å løyse samferdsleutfordringane.

Det er rett å minne om at eit av vilkåra er at dei statlege overføringane held seg høge. Nivået må halde seg høge for at vi skal kunne ta tak i nye prosjekt.

Vi må ikkje legge meir inn i prosjektet. Det er krevjande nok som det er.

13.58: Torleiv Rogne, Sunnmørslista: Det er fantastisk at så mykje folk, og unge folk har kome hit for å oververe det historiske vedtaket.

Det har vore fokus på kostnad. ja, den er høg. men verdiskapinga er så mykje større enn det som kjem til syne i kostnaden. Nordøyvegen er eit gamalt prosjekt. Alt i 1953 sa ein kommunestyrerepresentant at det måtte bli bru over Ullasundet.

No skal vi få Nordøyvegen ferdig, etter 50 år. Det er på tide.

Det er eit godt prosjekt. Det blir betre om vi får til ei forlenging frå Hamnsund til Ålesund.

Vi må finne ei ordning for folket på Store Kalvøy.

Eg tek det for gitt at vedtaket blir samrøystes. Eg vil avslutte med å seie: Takk for eit positivt handlag til Nordøyvegen.

13:56: Gunn Berit Gjerde, Venstre: Prosjektet må til for å skape vekst på øyane. Får vi sambandet kan bedriftene få kvalifisert arbeidskraft også frå omliggande område.

Par kan velje å bu enten på øyane eller på fastlandet. Det kan bli lettare for begge partane i eit par å få seg jobb enten på øyane eller fastlandet.

Vi gjer dette på trass utrekningane. Det er ikkje ei lett vedtak. Eg sjelv litt. Kostnadskalkylane er høge.

Dette er ei tøff vedtak. Det er eg klar over. Vi må forsake mykje som vi elles ville setje ut i livet.

Det er riktig at det skal vere fylkeskommunen som skal realisere dette. Det hadde vore mykje vanskelegare å få folk i Oslogryta til å gå inn for dette. Dei vil kanskje seie vi er galne.

13:51: Randi Walderhaug Frisvoll, Kristeleg Folkeparti: No er det viktig å få eit samrøystes vedtak, utan at det kjem inn punkt som kan føre til forseinking.

Eg er glad for at vi har fått eit felles forslag. Vi har jobba godt for dette.

Det er mange personar som har jobba fram dette. Dei har gjort ein kjempeinnsats.

No har vi ei historisk lav rente. Det er eit unikt tidspunkt å realisere prosjektet.

Vi ser meir og meir urbanisering. Dette er eit opprør mot fråflytting. Vi ønskjer ikkje tome bygder. Folk vil bu i bygdene. Der er eit unikt næringsliv. Dei har kome med mykje støtte til prosjektet. Dette viser den sterke viljen.

Gratulerer med eit historisk viktig vedtak.

13.49: Kristin Sørheim, Senterpartiet: Det har aldri vore tvil i hjertet til oss i Senterpartiet om at dette skal realiserast.

Det er distriktspolitisk viktig. Verdiskapinga skjer i distrikta. Då må det byggjast samferdsleprosjekt der. Vi må gjere alt vi kan for å byggje kommunikasjonar i distrikta.

Vi skal ikkje bagatellisere dei økonomiske utfordringane. Dette er eit prosjekt med sjeldan stor eigenfinansiering. Dette er eit sjeldan godt prosjekt. Vi måtte ta inn ei kuttliste for å få endå meir realisme i prosjektet.

Senterpartiet kjem til å stemme ja, og vi er glade for at det ser ut til å bli samrøystes.

13:45: Cine Finstad Austnes, Framstegspartiet: Nokon har framstilt dette som om det berre bur nokre få sjeler der ute som skal ha ein veg for milliardar. Slik er det ikkje.

Det er også finansiert med øyremerkte middel som ikkje er tilgjengelege for andre prosjekt.

Kva om det ikkje blei nokon Nordøyveg? Fylket måtte likevel oppgradere vegane og justere opp ferjetilbodet. No speler det ikkje noko rolle kva det ville koste, men det ville ikkje vere gratis.

Tenk på verdiskapinga på øyane. Den er formidabel. Vegen opnar for tilbakeflytting, nytilflytting. Reis gjerne ut, men kom tilbake.

Det vert ein fantastisk veg og ein fantastisk turistattraksjon. Det kan bli enormt med folk der ute til tider. Og det går bra.

13:42: Torgeir Dahl, Høgre: Dette går på truverd og føreseielegheit. Det har vore prioritert høgt. Vi vågar meir og det ligg ei tverrpolitisk haldning om at vi skal kunne realisere prosjektet. Prosjektet må også stå seg når det kjem til Stortinget.

Den neste store utfordringa er KS2-gjennomgangen. Eksterne miljø skal kvalitetssikre. Det blir både vegfaglege spørsmål og økonomiske spørsmål.

Det er viktig at vi er samrøystes. Det kan vere ein dag for flagging. Men vi treng også eit godt arbeid mot sentrale styresmakter. Det fins miljø som vil seie at prosjektet er vel dristig.

Det ER dristig, men vi har berekraftige lokalmiljø. Vi vil støtte opp under næringane våre. Som ordførar i Molde seier eg at dette er viktig i heile fylke og for heile Vestlandet.

Eg vonar dette blir samrøystes.

13:37: Toril Melheim Strand, Arbeidarpartiet: Vi har fått ein realistisk finansieringsplan, og vi kjem til å stemme samla ja.

Vi har fått ein fylkesplan der det står at "Vi vågar litt meir". No vågar vi, og vi gjer det saman med andre. Når fylket må yte meir, må også dei andre gjere det. Dette kan skje for eksempel med forlenga bompengeperiode.

Eg har fått sjå det flotte næringslivet på øyane. Eg er imponert. Eg vonar at folket på Nordøyane vil halde fram å produsere og bu på øyane. Dette kan bli den nye Atlanterhavsvegen. Det kan bli turistar i mengder på øyane. Vi sikrar busetnaden i eit område som kanskje ikkje hadde så gode utsikter.

13:34: Ingrid Opedal, SV: SV vil at det skal bu folk i distrikta. Skal vi få folk til å satse, trengst det gode kommunikasjonar. Folketalet er for lågt til å forsvare eit ferjetilbod som er godt nok.

SV kjem til å stemme for.

MEN: Økonomien er problemet. Administrasjonen har vist fram kostnadene. Men politikarane er meir optimistiske.

MEN: Vegstandarden.

MEN: Trafikktrygging: Vi har vedteke at gang og sykkelstiar skal ha høg prioritet i alle nye prosjekt. Dette var vel ikkje berre fine ord?

Gang og sykkelstiar må gjennomførast. Er dei ikkje klar, må dette på plass straks vegsambandet er ferdig. Eg vil setje fram eit tilleggsforslag om dette.

Busstilbodet i området må også bli betre.

13.31: Randi Asbjørnsen, Sunnmørslista: I 40 år har folket venta på prosjektet, og i 15 år har prosjektet stått på topp i prioriteringslistene. Vi må gjennomføre dette no.

Det såg nesten umogeleg ut. Men heldigvis er reknestykket korrigert. No ser det ut til å vere fleirtal for prosjektet.

Reknestykket ser no realistisk ut.

Samferdsel er eit av satsingsområda i fylkesplanen. Vi har sett større trafikkvekst enn prognosane. Det vil vi sjå i dette prosjektet også.

Det blir ny vekst, og bedriftene får betre rammevilkår. Øyane blir knytte til regionhovudstaden Ålesund.

Det er lenge sidan Møre og Romsdal har hatt eit meir fornuftig prosjekt å satse på. Eg vonar på eit solid fleirtal. Noko anna blir ei skam og eit hån mot folket som har venta så lenge på dette.

13.27: Iver Nordseth, Venstre: Vi vil vere godt innanfor gjeldande økonomiplan med dette prosjektet. Vi er godt innanfor det som er realistisk. Det er eit økonomisk utfordrande prosjekt. Men det er også unikt med lokal og regional finansiering.

Dette, saman med rentekompensasjon og ferjesubsidiar, gir bort imot 3 milliardar kroner. Det er sett av 400 millionar frå Møre og Romsdal fylke.

Det er heilt klart at dette kan kome til å gå ut over trafikktryggingstiltak. Men vi må ha to tankar i hovudet samstundes. Vi kan risikere at andre prosjekt blir forskyve. Dette har vi ansvar for å ta med oss i vurderinga.

La oss følgje opp prosjektet tett slik at realisering og tidsplan for oppstart blir følgt.

13.23: Steinar Reiten, KrF: Dette er det største samferdsleprosjektet vi har gitt oss i kast med. Det er grunn til å gratulere innbyggarane med at prosjektet er på skinner og er i ferd med å bli gjennomført.

Vi har klart å halde saman i satsinga på Nordøyvegen. Og vi treng eit samla trykk inn om sentrale styresmakter. Statlege styresmakter må akseptere rentevilkåra, rentekompensasjonen må vere krone for krone. Vi må få aksept for at ferjesubisidar skal betalast forlengjer periode enn vanleg og vi skal ha lenger bompengeperiode enn vanleg.

Vi har stor tru på at dette skal gå bra.

Fleire ting vi legg vekt på: Næringspolitikk. Nordøyane må få fastlandssamband. Det distriktspolitiske aspektet: God samferdsle kan ikkje berre kome sentrale strok til gode. Nordøyvegen er eit viktig signalprosjekt.

Vi må også sjå på prinsippa. Det er eit enten eller. Skal vi vere ein regional utviklingsaktør? Eller skal vi berre legge asfalt og rette ut ein sving i n y og ne?

Til slutt vil eg understreke at vi skal gjennomføre Nordøyvegen. Store prosjekt står framfor oss. Vi skal greie dette også, saman.

13.20: Frank Sve, Framstegspartiet: Infrastrukturutvikling er noko av det viktigaste. Det er berebjelken. Nordøyvegen har vore prioritert på topp lenge. Den siste kalkylen viste overskridinga. No har vi fått den kunnskapen som dannar grunnlag for at vi kan seie ja til prosjektet.

i tilrådinga frå fylkesrådmannen tok dei fram worst case. Men ikkje det som var den moglege løysinga.

Vi må sjå på dei positive samfunnsøkonomiske følgjene. Vi må sjå på effekten for innbyggjarane og næringslivet.

Ingen har sagt noko om kva følgjer det hadde fått om vi ikkje bygde sambandet, og kva det ville koste med ferjene og hurtigbåtane. Her er ein stor margin å gå på. Ferjene er så gamle at dei skulle ha vore køyrde midtfjords og blitt senka.

Vi skal få dette prosjektet gjennom – men då må vi jobbe. Det skal vi gjere – alle saman.

13.16: Anne Dyb Ljaaen, Høgre: Dette er ein skjebnetime for Nordøyvegen. Mange blei overraska då det kom nye utrekningar til samferdsleutvalet. Heldigvis har vi politikarar som ikkje er lettskremde, og vi fekk eit samla forslag. nordøyvegen skal realiserast.

Eg må få uttrykke at det er positivt at fylkesrådmannen tok signala frå samferdsleutvalet. Vi har eit lettare bilete no enn det administrasjonen la fram i første omgang. Bompengeperioden og rentenivået er sett realistisk.

I forslaget er det gjort nokre nedskjeringar. Det er viktig at vi held fast ved desse kutta. Vi må ikkje gradvis putte inn det eine etter det andre. Då vil det sprekke.

Bompengar er vesentlege. Subsidiar til ferje og hurtigbåt går inn. Det lokale næringslivet har satsa sterkt på dette. Bidraget er betydeleg. Prosjektet må ikkje utsetjast i tid. Fylket har hatt Nordøyvegen på topp og det er viktig å halde fast ved denne prioriteringa.

13.13: Bjarne Elde, Arbeidarpartiet: Dette er ei stor samferdslesak. Det er eit viktig vedtak. Og det er ein stor dag for Haram, Sandøy Møre og Romsdal og for fylkestinget. Mange fortener ros når det gjeld arbeidet med Nordøyvegen. Mange har stått på, nekta å gi opp. Dei har forsterka engasjementet heilt til det siste.

Saksutgreiinga har vore krevjande. Eit prosjekt til 3 milliardar vil vere det. Alle finansieringsmuligheiter må utnyttast for det det er verdt. Vi treng politisk kreativitet for å nå fram til regjeringa og stortinget.

Vi går for denne saka fordi fylket skal vere ein regional utviklingsaktør. Det er eis tor verdiskaping i Haram og Sandøy. Dei må knytast til fastlandet. Vi må etablere robuste bu og arbeidsregionar. Nordøyvegen vilskape optimisme og framtidstru.

Fylkestinget er ikkje visjonære om løysinga blei ferje og båt til evig tid. Vi står fram for andre utfordringar, innan vidaregåande opplæring. Vi har også komande samferdsleprosjekt. Det er viktig at vi tek prosjekt etter prosjekt.

Det står att nokre vedtak før spaden kan setjast i jorda. Men dette er ein god dag og ein historisk dag for Nordøyvegen.

13.12: Oddbjørn Vatne: Inntektene kjem inn frå første dag. Dette er eit unikt prosjekt. Rentekompensasjonsordninga lettar på utfordringane. Dette skal vi få til, seier Vatne.

13.10: Oddbjørn Vatne: – Dette er den mest omfattande saka eg nokon gong har vore med på. Kostnadene svarar til omtrent 3 supplybåtar. Haram byggjer fleire enn tre supplybåtar. Og det kjem store inntekter frå sambandet. Kostnadsoverslaget er skore ned.

13.07: Oddbjørn Vatne, leiar i samferdsleutvalet, skal halde det første innlegget.

13.06: Dei første som held innlegg, er hovudtalarane for kvar gruppering på fylkestinget.

13.05: Fylkestinget endrar saklista, og tek Nordøyvegen som første sak. Saka om tannhelsa får vente.

13.03: Fylkestinget må gjennomføre nokre formalitetar, blant anna namneopprop, før saksbehandlinga kan ta til.

13.00: Fylkesordførar Jon Aasen opnar møtet. Han opnar med å merke seg at det er mykje folk i salen. Og minner tilhøyrarane om reglane som gjeld slike samlingar. Det er ikkje høve til demonstrative tilrop eller buing, forklarar han.

Aasen noterer med glede at det er så mange tilhøyrarar til stades. – Dette er heilt fantastisk, seier han.

12.55: Salen ser ut til å vere heilt tettpakka med folk. Representantane har stort sett funne plassane sine, og der er ikkje nokon ledige plassar å sjå blant tilhøyrarane heller.

12.50: I tillegg til banner med klare meldingar til politikarane, har mange av tilhøyrarane også teke med seg norske flagg.

12.50: Det har vore litt vanskar med videooverføringa. Desse problema ser ut til å vere løyste.

Kl. 12.40: Fleire med banner har funne plassar på tilhøyrerplassane på galleriet.

Kl. 12.30: Det har samla seg mykje folk på utsida av møtelokalet. Minst 7 passasjerbåtar har frakta folk frå Nordøyane. Dei vil vere til staden «på den historiske dagen», som dei seier.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL