Hopp til innhold

– Vennane kjem litt nærare om vi får bruer og tunnelar mellom øyane

Dei er omgitt av vatn på alle kantar. Øybuarane opplever sjøen som eit stengsel. I 40 år har dei kjempa for vegen sin. Vegprosjektet kostar milliardar, og no vonar dei at politikarane seier ja til Nordøyvegen.

Fire frå Løvsøya

Henning Mattias Otterlei, Elias Bakke, Laila Eilaine Måløy, Hanna Sofie Hagerup går på skule på Haramsøya. Men dei bur på Lepsøya. Ungdomsskulen har elevar både frå Lepsøya, Haramsøya og Flemsøy/Skuløy

Foto: Terje Reite / NRK

HARAMSØY/FLEMSØY/SKULØY (NRK.no) Kvar dag må ungdommane på Lepsøya i båt. Ferja fraktar dei både til og frå skulen. Ungdomsskulen ligg nemleg på naboøya Haramsøy. Seier politikarane ja til milliardprosjektet, kan det bli ein heilt ny kvardag for øyfolket på Nordvest-landet.

Vi får det mykje enklare om Nordøyvegen kjem. Når her blir bruer og tunnelar slepp vi å frykte å bli for seine til ferja, seier Hanna Sofie Hagerup (13).

Måndag 27/8 diskuterer Fylkestinget i Møre og Romsdal om Nordøyvegen skal bygges.

Følg debatten i Fylkestinget direkte måndag 27/8-2012 klokka 13.00.

– Lettare å besøke vener

Dei fire ungdommane har nettopp byrja i 8. klasse, dei er ferdige med barneskulen og har byrja på ungdomsskulen på naboøya. Det betyr at dei er blitt pendlarar. Før klokka 8 om morgonen forlet dei øya der dei bur, og kjem ikkje tilbake før klokka nærmar seg 16 om ettermiddagen.

Vi har fått fleire nye vener når no går på skule saman med ungdommar frå fleire av øyane. Mange kjenner vi frå før gjennom fotballen. Men vi føler dei bur litt langt unna, i og med at vi bor på forskjellige øyar, seier Henning Mattias Otterlei (13).

Ja, det er ofte vanskeleg å få alt til å passe med ferjetidene. Tenk om vi berre kunne sykle. Alt blir betre om vi får Nordøyvegen, seier Elias Bakke (13).

Ungdomar frå Løvsøya

Ein dag skal elevane sleppe å ta ferja, trur dei. Laila Elaine Måløy, Hanna Sofie Hagerup, Elias Bakke og Henning Mattias Otterlei håpar og trur at politikarane kjem til å seie ja til Nordøyvegen. Kvar dag må dei reise med ferje til og frå skulen.

Foto: Terje Reite / NRK

Kostar fleire milliardar

Nordøyvegen er eit av dei største bru og tunnelprosjekta i Noreg i dag, som ligg klart til vedtak. I innspurten står det ein viss strid om kor store investeringskostnadene blir. Administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune tek utgangspunkt i 3,4 milliardar kroner. Politikarane meiner investeringane blir på 2,6.

Administrasjonen og politikarane er også delte i korleis prosjektet slår ut på dei fylkeskommunale driftskostnadene. Også her er politikarane langt meir optimistiske enn det administrasjonen er.

Nordøyvegen

Nordøyane ligg som perler på ei snor på kysten av Møre og Romsdal. Milliardprosjektet kan knyte øyane til fastlandet.

Nordøyvegen kjem til å knyte dei 10 000 innbyggarane i Haram og Sandøy kommune i Møre og Romsdal nærare saman. Ute på øyane bur det 3200 menneske.

– Vonar folketalet aukar

På Nordøyane ligg det store bedrifter som leverer utstyr til den maritime industrien. Rolls-Royce, I.P Huse og Finnøy Gear og Propeller ligg ute på øyane. På fastlandet like ved ligg bedrifter som STX og Ulmatec Pyro. Bedriftene inngår i eit maritimt samarbeid som omset for 50 milliardar kroner årleg, og har totalt 20 000 tilsette.

Dersom vi får vegen vil kanskje fleire flytte hit, og færre kjem til å flytte vekk, seier Hanna Sofie Hagerup.

– Det blir enklare å kome seg fram og tilbake mellom øyane, og vi skal sleppe å vere redde for å bli for seine til ferja. Einaste problemet eg ser, er at eg tippar dei kjem til å legge ned nokre av barneskulane på øyane, seier Laila Eline Måløy. Det ville vere dumt, legg ho til.

Ullasundbrua

I fleire år har Ullasundbrua knytt saman Haramsøya og Flemsøya/Skuløya. No kan denne brua bli ein del av Nordøyvegen.

Foto: Terje Reite / NRK

– Betre med skulebuss

På øya Fjørtofta reiser alt i dag ungane ut av kommunen for å gå på skule. Både ungdomsskuleelevane og barneskuleelevane reiser til Harøya for å gå på skule. Ungdommane frå Lepsøya ser for seg at kanskje barneskulen på øya der dei bur kan bli lagt ned om kommunikasjonen til Haramsøya blir betre.

Men det er ikkje noko stress. Når dei er så stor at dei har byrja på skulen, klarer dei også å ta skulebussen. Det er ikkje noko problem så lenge dei slepp å reise med ferje, seier Elias Bakke (13).

– Det fins heilt sikkert motstandarar

Elevane er godt orienterte om kva som må til av politisk behandling for å få realisert dette vegprosjektet. Først sa fylkesrådmannen nei. Han tykte det blei for dyrt. Så meinte politikarane at fylkesrådmannen hadde sett kostnadene for høgt, og at fylket hadde råd likevel. Sjølv om fylkestinget i Møre og Romsdal skulle seie ja måndag, skal prosjektet vidare til behandling i Stortinget.

– Hadde det berre vore folk her frå øyane som skulle bestemme dette, hadde det heilt sikkert blitt ja til prosjektet. Men no er det folk frå mange stader som skal bestemme. Og det fins heilt sikkert nokre som er imot. Dei må no få lov til å ha sine eigne meiningar, seier Henning Mattias Otterlei.

Sjølv om det først er politikarar frå heile Møre og Romsdal som skal stemme no på måndag, og seinare politikarar frå heile landet, vonar ungdommane frå Lepsøya at dei som skal avgjere saka klarer å sjå prosjektet frå øybuarane sin synsstad. Då vert det heilt sikkert resultatet eit rungande JA, trur dei.

Politikarane er nok ikkje så egoistiske at dei seier nei til dette. Eg er sikker på at øyane har skapt og gitt så mykje til samfunnet i årevis, at dei no skjønar at dei må gje noko tilbake. Eg håpar og trur at politikarane seier ja til Nordøyvegen, seier Elias Bakke til NRK.no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL