NRK Meny
Normal

Går for Nordøyvegen likevel

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik snur i saka om bygging av Nordøyvegen. Med nye rekneskapstal i bagasjen ber han fylkespolitikarane vedta byggestart.

Ottar Brage Guttelvik

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik går no for bygging av Nordøyvegen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Komande måndag skal fylkestinget behandle saka, og denne veka sa samferdselspolitikarane i fylket eit klart og tydleg ja til bygging.

Ny rente

Nordøyvegen

Kartskisse som viser Nordøyvegen

Foto: NRK

Tidlegare har det vore operert med ei rente på 6,5 for dette prosjektet. Det er kravet som Vedirektoratet har til slike prosjekt. Den er no justert ned til 4,5 prosent. I tillegg vil fylkesrådmannen utvide bompengeperioden frå 20 til 30 år, skriv Sunnmørsposten . Samla sett gjer dette at Guttelvik og hans stab har gått frå nei til ja i byggespørsmålet.

Folkekrav

Sier ja til Nordøyvegen

Folk frå Nordøyane møtte opp til møtet i samferdselsutvalet.

Foto: Trond Vestre/NRK

Folk som bur på Nordøyane i kommunane Haram og Sandøy har i lang tid stått på for å få fastlandssamband. Dei møtte mannsterke opp då samferdselspolitikarane i fylket var samla til møte tidlegare denne veka. Politikarane enda opp med å seie samrøystes ja til prosjektet. Over helga skal fylkestinget seie sitt i saka.

3,4 milliardar kroner

Utvalget sier ja til vei

Samferdselspolitikarane i Møre og Romsdal vil ha Nordøyvegen.

Foto: Trond Vestre/NRK

Nordøyvegen er eit gigantisk prosjekt, med bruer og tunnellar. Fylkesrådmannen har opererert med ei kostnadsramme på 3,4 milliardar kroner. Fylkespolitikarne har nedjustert dette til 2,66 milliardar. Eit sentralt spørsmål er om prosjektet vil sluke det meste av vegpengane i år framover.