Partia ser etter Nordøyveg-løysing

I dag tysdag får Nordøyvegen anten ein liten spikar i kista eller eit klart løft, når samferdsleutvalet skal behandle saka. Fylkespolitikarane er positive og offensive, men skepsisen ulmar i botnen.

Torgunn Nerland

Torgunn Nerland (KrF) seier nei til Nordøyvegen om renta ikkje blir lågare enn 6,5 prosent.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Med ei rente på over seks prosent seier eg vel eigentleg nei, seier Torgunn Nerland, fylkestingspolitikar for Kristeleg Folkeparti.

Førre fredag sa fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik nei til Nordøyvegen, og viste til ein prislapp på 3,4 milliardar kroner. Ei skyhøg rente på 6,5 prosent, som Statens vegvesen brukar i planlegginga av store vegprosjekt, er ein stor del av problemet.

– Eg er i grunnen litt skeptisk. Eg har lyst til at Nordøyvegen skal kome, og KrF har gått for Nordøyvegen heile tida, men det er den høge renta, fortel Nerland.

– Er det ein føresetnad at renta kjem under 6,5 prosent for at du skal seie ja til Nordøyvegen?

– Ja, det er det absolutt. Eg håper vi kan kome ned i 4,25 prosent.

Og lågare rente og lågare pris er gjenklangen blant politikarane i fylket. På gruppemøta måndag såg det ut til å bli ja i samferdsleutvalet. Alle politikarane ville ha Nordøyvegen.

Saka held fram under bildet.

Guttelvik Nordøyvegen

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik (lite bilde), meiner Nordøyvegen vil koste kommunen for mykje i tiåra framover. Det la han fram i ein uttale fredag.

Frank Sve

Frank Sve (Frp), meiner reknestykket må gå utelukkande på fjordkryssinga.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi står samla

Fylkestingspolitikar frå Framstegspartiet, Frank Sve, er ein av mange som no ser etter løysingar for å kome i hamn med Nordøyveg-prosjektet.

– Det må gjerast ein del kutt og ein del rasjonalisering, men fjordkryssingane vi få til.

Han meiner fleire element i den samla pris- og renteutrekninga må fjernast.

– Vedlikehald av buss og alt det som ligg på land, som gang- og sykkelveg.

– Prisen må bli for ei rein fjordkryssing, seier Sve, som slår fast at partia står samla om saka over partigrenser.

Helge Orten

Helge Orten (H), meiner tala som fylkesrådmannen la fram førre fredag er feil.

Foto: NRK

– Tala frå fylkesrådmannen er feil

Då fylkesrådmannen vende tommelen ned førre fredag, sa han at ei realisering av Nordøyvegen ville stoppe all anna investering i mellom 25 og 30 år.

Då seier det seg sjølv at mykje står på spel, både når samferdsleutvalet møtest, men ikkje minst når fylkestinget samlast 27. august.

Tala frå fylkesrådmann har tidlegare blitt kritisert for å ta for mykje høgde. Fleire av fylkespolitikarane kritiserer både tal og innteningsmoglegheiter.

– Etter mi oppfatning har tala frå fylkesrådmannen altfor låg trafikkvekst, både eingongs og årleg vekst. I tillegg må vi gå gjennom renteføresetnadene, meiner Helge Orten (H).

– Det er ikkje berre å setje ned renta, men 1,3 milliardar av lånet er rentekompensert. Det øvrige lånet meiner eg vi kan låse på 4-4,5 prosent.

Orten trur fylkeskommunen kan tole prosjektet, samtidig som han trur det kan bli vanskeleg å få prosjektet eksternt kvalitetssikra.

Iver Nordseth

Nestleiar i samferdsleutvalet, Iver Nordseth (V), meiner truverdet til fylket står på spel.

Foto: Trond Vestre / NRK
Bjarne Elde

Bjarne Elde (Ap) håper at svaret ligg på bordet den 27. august.

Foto: Trond Vestre / NRK

Meiner truverdet til politikarane står på spel

Den nye prisen, og høge rentekostnader, har auka skepsisen blant politikarane. Samtidig har partia sagt eit rungande ja, både ved val og i tidlegare evalueringar.

Iver Nordseth frå Venstre meiner eit nei kan øydelegge for fylket på sikt.

– Det er heilt avgjerande å seie ja for at vi kan kunne gå på nye store planar og prosjekt i fylket. Seier vi nei no, så er det det same som å seie at vi ikkje klarer å handtere store prosjekt, meiner Nordseth.

Kor vidt det endeleg kan bli ferjefritt for folket på Nordøyane er framleis ope, men det er tydeleg at politikarane mobiliserer seg i mellom.

– Dette er eit politisk prosjekt som har versert i fylkestinget dei siste 15 åra. Vi jobbar tverrpolitisk for å få til eit realistisk finansieringsopplegg, slår Arbeidarparti-politikar Bjarne Elde fast.

Både han og resten av politikarane reknar med å kome i hamn til 27. august.

Kva meiner du? Blir Nordøyvegen for dyr for fylket, eller bør den store prislappen takast? Sei di meining i kommentarfeltet under.