Hopp til innhold

Fullt sjukehotell fyller rådyre sengepostar

Sjukehotellet i Ålesund er heilt fullt og mange pasientar som kunne nytta hotellet må no ligge på rådyre sengepostar på sjukehuset.

Åse hotell
Foto: NRK

Astrid Eidsvik

Astrid Eidsvik, adm.dir. Helse Sunnmøre.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Ifølgje administrerande direktør Astrid Eidsvik er ei utviding av hotellet naudsynt for å nå målet om effektivisering, men helseforetaket har ikkje pengar til å bygge ut hotellet.

- Det kostar oss fleire tusen kroner i døgnet for kvar sengeplass som vert brukt i staden for å ha pasientane på hotellet, seier Eidsvik.

Harald Nesvik (Frp)

Harald Tom Nesvik (Frp).

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

Helseforetaket etterlyser meir invisteringsmiddlar frå Stortinget. Utan meir pengar er det ikkje håp om utviding av hotellet.

- Per i dag har vi ikkje noko løysing som følgje av knapt med investeringsmidlar. Og no er det ny barneavdeling som står først på prioriteringslista, seier Eidsvik.

Leiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Harald Tom Nesvik (Frp), seier løysinga er å invitere private aktørar til å ta på seg drifta av sjukehotellet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL