Øystein Bårdsnes frå Hjelset var ute å fiska i nærleiken av Budagrunnen i Fræna då han fekk ein fisk på kroken.
Dette var det Bårdsnes fann i magen til fisken.
Foto: Øystein BårdsnesMen då han opna opp fisken fekk han ei overrasking, I magesekken til den vesle seien fann ham mellom anna plast- og taubitar.
Han meiner at folk burde tenke meir over kva dei kastar frå seg.
– Det er lett å tenke at det eg kastar frå meg er så lite, men alle må ta sitt ansvar. Det er utruleg mykje svineri som ligg å flyt i havet, seier den ivrige fiskaren.
Etter at han la ut bilete på Facebook har det blitt delt ein rekke gongar.
– Eg synest det er flott at folk reagerer negativt på det, og at mange får sjå konsekvensane det får, seier Bårdsnes.
- Les også:
Stort problem
Minst åtte millionar tonn plast endar kvart år i hava verda over, og det meste av denne plasten er eingongsemballasje. Ein ny rapport frå World Economic Forum viser at det vil vere meir plastsøppel enn fisk i verdshava i 2050 dersom ein ikkje straks set i gang tiltak.
Geir Wing Gabrielsen er forskar ved Norsk Polarinstitutt. Han fortel at plasten som hamnar i havet kan gjere stor skade.
Foto: Norsk PolarinstituttIfølge rapporten gjer dagens bruk og kast av plast på verdsbasis både stor skade i naturen og representerer store økonomiske tap. Rapportar viser at ca. éin million sjøfugl og om lag 100.000 sjøpattedyr dør av plast kvart år, og problemet er aukande.
– Problemet er at plasten blir liggande i magen til fisken og kan hindre for næringsopptaket. Det kan igjen føre til avmagring og død dersom fisken har fått i seg mykje plast.
– Plasten inneheld også miljøgifter som kan påverke hormonsystema til fisken, seier Geir Wing Gabrielsen, forskar ved Norsk Polarinstitutt.
- Les også:
- Les også:
Ikkje farleg
Ifølgje Gabrielsen kan ei enkel plastflaske bruke opp til 400 år på å bli brote ned. Det blir produsert rundt 311 millionar tonn plast på verdsbasis og berre 14 % av dette blir resirkulert.
Fortset dagens utvikling, vil det i 2050 vere meir plastsøppel enn fisk i verdshava målt etter vekt, konkluderer ein ny rapport.
Foto: RICARDO MORAES / Reuters– Eit anna problem er at plasten som hamnar i havet blir brote ned til microplast, og det er denne plasten dyra får i seg. Sjølv om plasten blir brote ned så forsvinn den ikkje. Difor er det viktig at vi gjer noko med dette problemet, seier han.
Gabrielsen fortel at det i utgangspunktet ikkje er farleg å ete fisk som har plast i magen, men at det er gjort lite forsking på området.
– Det kjem an på kor mykje plast fisken har fått i seg, og om miljøgiftene i plasten har spreidd seg til kjøttet, seier han.
Vidare oppmodar han fiskarar og andre som finn dyr med plast i magen om å melde frå til Norsk Institutt for Vannforskning (NIVA) eller Havforskingsinstituttet.
- Les også: