Hopp til innhold

Fryktar sunnmørsfjella blir invadert av dronar

Då dronen summa over hovudet hans for sjette gong på den same turen, blei den erfarne fjellmannen irritert. No får han motbør frå drone-entusiastar.

Eirik Skarland

Eirik Skarland har vore på tallause fjellturar. Sist måndag opplevde han noko han aldri før har vore med på, og det vil han gjerne ha debatt rundt.

Foto: Øyvind Sandnes

Den pensjonerte obersten var heilt åleine på fjelltur, og hadde ikkje rekna med særleg selskap på ein vekedag. Men det var ikkje lenge han fekk vere i fred, då han nyleg gjekk frå Molladalen i Ørsta opp til det spektakulære fjellet Randers Topp (1414 moh.).

For etter kort tid fekk han høyre den intense summinga frå ein drone.

– Då han kom tilbake femte og sjette gongen, syns eg det blei litt vel mykje. Ein misser litt av naturgleda ved å få ein slik drone summande over seg så mange gongar, seier Eirik Skarland.

Tidlegare i sommar skapte droneflyginga over Galdhøpiggen mykje oppstyr.

Fryktar at "kvar mann får sin drone"

67-åringen er ein erfaren fjellmann, og ingen gretten gubbe. Han forstår at teknologien går framover, og at mange syns det er stas med dronebilde. Likevel vil han gjerne diskutere kvar grensa skal gå, etter at han opplevde at dronen passerte han seks gongar medan han tok ein rastepause i solskinet.

Randers Topp

Det var i dette området, ved Randers Topp, Eirik Skarland var på tur, då han blei flogen over av ein drone mange gongar.

Foto: Eirik Skarland

– Dersom alle skulle ha sin drone i sekken, kan det jo bli litt plagsamt i lufta, seier han.

Etter å ha klatra seg ned igjen dei 1414 metrane til låglandet, og vel heime, skreiv Skarland eit innlegg på Facebook. Her heiter det mellom anna:

«En ting er å ta en konvensjonell "selfi", men nå skal de også ta disse bildene vertikalt? Jeg undres (gremmes)»

Les også:

Ber han ønskje seg ei sjølv til jul

Per Tore Molvær

Per Tore Molvær er ivrig dronefotograf og meiner det må vere grense for kor mykje ein drone kan irritere nokon.

Foto: Tiril Guttorm

Innlegget har sett fart i diskusjonen rundt bruk av dronar i fjellheimen. Mange kan ikkje fordra å bli forstyrra, etterlyser folkeskikk og foreslår å skyte dei ned. Andre prisar seg lykkelege over at dei kan få sjå dei spektakulære bilda dronane tek.

Per Tore Molvær (32) er ein av dei som sjølv flyg drone, han har mellom anna filma frå fjellet Jakta (1588 moh) i Ørsta (sjå videoen nedst i saka). Han ber 67-åringen ha ønskelista klar til nissen.

– Med ei gjennomsnittleg flytid på 15 minutt per batteri er det vel grense for irritasjonsmengde. Du kan jo ønske deg ein til jul og sjå sjølv kor mange fleire fascinerande bildeutsnitt du får, skriv han på innlegget, og legg til at lyden frå ein drone svarar til summinga frå ein middels stor kvefs.

Les også:

Meiner naturen bør vernast

Drone

Dronane blir stadig meir populære blant fjellentusiastar. Men korleis dei skal brukast, er det stor diskusjon om.

Foto: NRK

Eirik Skarland meiner at naturgleda er under press, og at det er viktig å verne om kvalitetar som ro og stille. Det held han fast på også etter diskusjonen han sette i gang.

Ein har jo sett diskusjonen rundt Preikestolen og Trolltunga. Det er jo heilt vanvitig korleis fotturismen har utvikla seg der nede. Eg håper ikkje vi kjem til eit slik nivå her på Sunnmøre, då misser vi mykje av eigenarten, seier han.

Det har ikkje lykkast NRK å få kontakt med han som opererte dronen ved Randers Topp.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL