Hopp til innhold

Vil ikkje ha droner over Reinheimen

Å bruke dronar i norske høgfjell kan gi svært spektakulære bilete, men kan vere ulovlege. Dei som har oppsynet med verna naturområda, er uroa for at privatpersonar i stadig større grad tek seg til rette.

Jakthytte i Reinheimen nasjonalpark

ARKIVFOTO: Høgfjellsområdet Reinheimen ligg i Oppland og Møre og Romsdal.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Det er ikkje lov å sende dronar over landskapsvernområdet mellom Romsdalen, Tafjordfjella og Geiranger, eller over Trollheimen med Dovre og Sunndalsfjella.

Sist helg filma ein privatperson Galdhøpiggen utan løyve. Kristine Sørlie er nasjonalparkforvaltar av høgfjellsområdet Reinheimen i Oppland og Møre og Romsdal. Ho understrekar at dronar kan gjere skade og at det i tillegg er eit klart brot på vernevedtektene.

– All unødig støy skal unngåast i nasjonalparkar og verneverdige område. Det er difor vi opprettar slike store naturvernområde. Det er mykje lyd rundt oss elles i kvardagen, og i desse områda skal ein ha fri frå slik uønskt lyd, seier Sørlie.

– Ei drone er eit ubemanna fartøy. I tillegg kan ein kome veldig tett på dyrelivet, noko som kan skade hekkinga, held ho fram.

Mykje helikopteraktivitet

I regelverket for Reinheimen og andre naturvernområde står det at det er forbode med «modellfly eller liknande». Eit slikt forbod gjer det ulovleg å bruke dronar dersom det ikkje er gitt dispensasjon frå forbodet.

Kristine Sørlie

Kristine Sørlie er nasjonalparkforvaltar av høgfjellsområdet Reinheimen i Oppland og Møre og Romsdal.

Foto: Privat

– Vi har ikkje like stor trafikk i Reinheimen som på Galdhøpiggen eller Besseggen, men vi har mykje lufttrafikk i samband med sikring av ustabile fjell og utbygginga av naudnettet. Vi får difor mange søknader om helikoptertrafikk, og då må vi vurdere nødvendigheita, seier Sørlie.

Ho har makt til å seie nei til dronefilming i Reinheimen, men seier at ho så langt ikkje har fått mange søknadar om droneaktivitet i dette området.

– I nokre tilfelle har vi gitt disposisjon til bruk av drone i samband med det arbeidet som blir gjort i dette område, seier ho.

Sørlie trur ikkje at folk filmar med dronar i ulovlege område berre for gøy, men at dei kanskje ikkje er klar over at det er ulovleg. Ho innrømmer at informasjonen til publikum kunne vore betre.

– Vi blir bombardert med informasjon frå mange hald og nokre gongar kan det vere ei utfordring å nå fram i jungelen. Vi i nasjonalparkstyra har ei viktig oppgåve i å bruke rette kanalar og media for å nå fram med informasjonen, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL