Hopp til innhold

Fryktar skam og angst i møte med Ulsteinvik

John Jeanette Solstad Remø (66) har førebels ikkje turt å ha på seg kvinnekle i heimbygda Ulsteinvik. Han kjenner framleis på skam og angst for at han er transe.

John Jeanette Solstad Remø
Foto: Jørn Grønlund/fotomontasje/Hjemmet

Nyleg sto John Jeanette Solstad Remø fram i vekebladet Hjemmet der han fortalde korleis det har vore å leve eit langt liv som transvestitt.

Eg har fått berre positive tilbakemeldingar, seier 66-åringen til NRK Møre og Romsdal.

Les også:

Gøymde kvinnekleda i safen

John Jeanette Solstad Remø heime i Oslo

John Jeanette Solstad Remø heime i Oslo.

Foto: Jørn Grønlund/Hjemmet

I reportasjen kom det mellom anna fram at han allereie som liten gut merka at han likte aller best å ha på seg kvinnekle. Men det blei ikkje godt motteke. For å bevise for seg sjølv at han var mann, begynte han på sjøkrigsskulen i Bergen, og blei seinare ubåtkaptein.

Det var tøffe tider, vi patruljerte langs norskekysten og i Barentshavet med full krigslast. Og Jeanette var med meg hele tiden. Klærne hadde jeg i safen om bord i ubåten, fortel pensjonisten.

Tatt på fersken

Kapteinsløytnant i Forsvaret i 1980

Kapteinsløytnant John Jeanette Solstad Remø som kapteinsløytnant på brua i 1980. Ingen visste kven han eigentleg var.

Foto: Scanpix

I vekebladet kjem det fram at John som femtenåring blei tatt på fersken i dameklede i Ulsteinvik. Då blei freistinga for stor, og kleda til mora uimotståelege. Ute i gatene møtte tenåringen ein gutegjeng, og blei oppdaga.

- No kom alle til å få vite det! Eg ville berre dø. Men eg ville jo ikkje det heller. Eg bestemte meg iallefall for å prøve litt til, og tenkte at eg måtte vere tøff i trynet og ta tyren ved horna, seier Solstad Remø.

Og femtenåringen klarte faktisk å snakke det vekk.

Kjenner på gamal skam

John Jeanette Solstad Remø som liten gut

Ein liten gut kledd og klipt slik smågutar gjerne vil. Helst ville denne karen hatt kjole.

Foto: privat

John Jeanette Solstad Remø bur i dag i Oslo, etter å ha flytta frå heimbygda som ung mann. I hovudstaden går ho stort sett i kvinneklede, men har førebels ikkje gjort det i Ulsteinvik. Ho seier ho ikkje er heime så ofte lenger, og at det ikkje har passa slik, men vedgår at ho også kvier seg.

Eg kjenner på gamal skamkjensle og litt angst. Eg er rimeleg sikker på at ulsteinvikingane vil takle det bra, seier 66-åringen, som i dag er pensjonist.

Far og farfar for tre

John Jeanette Solstad Remø har alltid kjent seg som kvinne i ein mannskropp. Men først i 2010 sto 66-åringen offentleg fram som transperson. I mellomtida hadde Solstad Remø gifta og skilt seg, og funne kjærleiken med ei ny kvinne. Han er i dag far og farfar og har det godt.

Det er befriande godt å kunne vere fullt og heilt menneske, seier Solstad Remø til Hjemmet.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL