Skulen er nemleg ikkje fritatt når kommunen skal finne plassar å kutte utgifter. I eit forslag som skal behandlast i april, ligg det inne store kutt i bemanninga i skulesektoren.
Tore Lyngvær, leiar i Kristiansund kommunale foreldreutval, meiner kommunen vil kome på kant med opplæringslova dersom dei vel å gjennomføre desse kutta.
– Den gruppa som har jobba med kutt har kome fram til at desse kutta må skje primært innanfor personell. Det blir nemnt opp imot 25 lærarstillingar frå hausten av, og det er veldig dramatisk, seier Lyngvær.
- Les også:
Fryktar for kvaliteten i skulen
Og det er fleire som delar uroa. Nyleg sende ei samla rektorgruppe brev til kommunen der dei åtvarar på det sterkaste mot konsekvensane av dei forslåtte kutta.
Lyngvær seier at dei har forståing for at økonomien til kommunen er under hardt press, men føler likevel at det er andre område som bør kuttast før skulane.
– Skulesektoren har vore relativt lojal til budsjetta og heldt seg til dei rammene som har kome frå leiinga og politikarane, så det er kanskje andre område som burde strammast inn før skulane, seier han.
Leiaren i foreldreutvalet fryktar at eit nytt kutt innanfor skulesektoren vil gå utover kvaliteten på opplæringa.
– Eg fryktar for den tilpassa undervisninga, spesialundervisninga og oppfølginga av mobbesaker. Eg fryktar for mange ting som det har vore jobba hardt med i ei årerekke. Dette kan fort bli rasert dersom kutta blir ein realitet, seier Lyngvær.
Forslaget om å kutte i skulesektoren skal behandlast i løpet av april.
- Les også: