Hopp til innhold

Denne dagen går korpset glipp av 150.000 kroner

Korps i heile landet taper millionar i dugnadsinntekter. Hatlane skolekorps fryktar at dei må legge ned.

Hatlane skolekorps

17. mai er den største dugnadsdagen i året for Hatlane skolekorps. No forsvinn denne inntekta.

Foto: Kristina Fuglseth

For Hatlane skolekorps i Ålesund er nasjonaldagen den mest hektiske dugnadsdagen i året. Foreldre og korpsbarn sel kaffi, kaker, brus, is og lodd til rundt 2000 besøkande. Når dagen er omme sit dei att med 150.000 kroner. Pengane går til løn til dirigenten og instruktørar. No forstår dei ikkje kor dei skal få pengane frå, sidan det er forbode med store arrangement.

– Visst dette varer over tid står korpset i fare. Vi har ikkje så mykje pengar på bok, seier kasserar Vigdis Fedje.

Også andre inntektskjelder er borte på grunn av koronasituasjonen. Heile året har korpset i oppgåve å rigge inn og ut av kulturhuset når der er konsertar og arrangement. Sidan alle arrangement er avlyst, taper korpset også desse pengane.

Alvorleg for korpsa

Rita Hirsum Lystad

Rita Hirsum Lystad er president i Noregs musikkorpsforbund. Ho seier det hastar med å få på plass ein tiltakspakke for korpsa.

Foto: Jon Gimmingsrud / NRK

Krisepakken frå regjeringa gjeld tapte billettinntekter på kultur og idrettsarrangement, ikkje inntekter på vaffelsal. Dermed kan ikkje korpsa søke om kompensasjon. Deira inntekter er basert på loddsal, loppemarknader og andre dugnader. No taper dei millionar.

– Mange korps slit økonomisk no og det kan vere at nokon må legge ned. Dei har ikkje pengar til å betale dirigenten, seier president i Noregs musikkorpsforbund, Rita Hirsum Lystad. Forbundet har nær 60.000 medlemmar i 1600 korps.

Ho seier at dei no jobbar mot kulturministeren og Stortinget for å få på plass ein ny tiltakspakke. Det hastar med å få svar.

Loppemarked Åse skolekorps

Også Åse skolekorps taper inntekter. Dei må avlyse den tradisjonelle loppemarknaden sin i mai.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Paradoks

Jan Erik Helleren i Norsk musikkråd seier det er ein kritisk situasjon fordi korps betyr svært mykje for barna.

– Korps er ein av dei mest inkluderande aktivitetane og der er ingen reservebenk. For barn som treng musikkaktivitet er dette ganske katastrofalt, seier Helleren.

Han meiner det er eit paradoks at kulturministeren synest korps er så viktig for landet at det blir utarbeidd eigne retningsliner for korleis korpsa skal spele på 17. mai, men at dei ikkje er omfatta av krisepakken.

Kulturdepartementet seier dei ønskjer å bidra til å hjelpe ein sektor som er hardt ramma av krisa vi står i. Dei jobbar med å finne ei løysing til dei frivillige organisasjonane som ikkje frå hjelp frå krisepakka til regjeringa. Samstundes peiker dei på lokalsamfunnet, som no må stille opp for kulturtilbodet der dei bur.

– Staten og kommunen skal gjere sitt, men også lokalsamfunnet må stille opp og støtte sine lokale kulturtilbod. Regjeringa jobba også med å få på plass løysingar til frivillige organisasjonar som har faste kostnadar som ikkje blir dekt av kompensasjonsordningane eller andre ordningar, seier Emma Lind i kulturdepartementet.

Korpset betyr mykje

I Ålesund prøver Hatlane skolekorps å ha digitale øvingar kvar torsdag

Halvparten av korpsmedlemmane er juniorar og har spelt i korps i berre to år. Om korpset skal opptre på 17. mai i år er usikkert, men Vigdis Fedje trur at dei skal klare å øve inn nasjonalsongane. Å tene pengar denne dagen er utelukka. Ho håper korpset skal få hjelp frå styresmaktene, slik at drifta blir berga. Dottera hennar, Vilde, har spelt i korps i fem år, og korpset betyr mykje.

– Visst korpset må legge ned, får ikkje barna som kjem etter oss, vite kor gøy det er å spele i korps, seier Vilde. Også for bydelen betyr korpset mykje.

– Kva skulle vi ha gjort i Hatlane utan korpset på 17. mai? Det er jo vi som arrangerer alt, seier Fedje.

Hatlane skolekorps
Foto: Linn Haugsbø

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL