Hopp til innhold

Fryktar «Matthew» rammar dei fattigaste hardast

Frelsessoldat Anne Kristine Herje er uroa for dei ho har jobba for og saman med i Haiti når orkanen «Matthew» rammar.

Folk i Haiti venter på orkanen Matthew

Orkanen «Matthew» kan ramme Haiti og hovudstaden Port-au-Prince hardt.

Foto: CARLOS GARCIA RAWLINS / Reuters

Både i Haiti og på Jamaica er folk bedne om å kome seg vekk frå kystområda. Orkanen er den kraftigaste i Atlanterhavet sidan «Felix» i 2007, og vindkasta er oppe i 220 kilometer i timen.

Herje, som kjem frå Eidsbygda i Rauma, kom til Haiti i 1988. Då skulle ho drive barneheimen «Lykkens hjem» i hovudstaden Port-au-Prince. Der har ho jobba store delar av livet sitt, før ho dei seinare år har vendt heim igjen. No fryktar ho for dei ho er glad i i Haiti.

Anne Kristine Herje i Haiti

Anne Kristine Herje har opplevd både uro og katastrofar i Haiti tidlegare.

Foto: AP/Frelsesarmeen

– Det er alltid dei fattigaste som får ta den verste støyten. For dei er ikkje rusta til å ta imot ein slik orkan, trass i at dette er noko dei blir ramma av nesten kvart år, fortel Herje.

Haiti er eit av verdas fattigaste land og dei som bur i dårlege hus som blir ramma hardast. Men sidan dei har opplevd dette før så veit dei også litt om kva dei skal gjere. Herje fortel at det vanlege er å gå til større og sterkare bygningar.

«Matthew» nådde land i Haiti før midnatt i går kveld, med sterk vind og store nedbørsmengder. Herje kan fortelje frå tidlegare hendingar at deira bygg har blitt tatt av vassmengdene.

Denne gongen har hjelpeorganisasjonar som Kirkens Nødhjelp starta å sikre tilgang til reint vatn og trygge sanitære forhold.

Fryktar regn, flaum og ras

Gravemaskin rydder søppel

Styresmaktene og hjelpeorganisasjonane er førebudde på at infrastrukturen også blir hardt ramma.

Foto: HECTOR RETAMAL / AFP

– Det er ofte regnet som gjer størst skade. No har det vore tørke i tre år, og jorda tar ikkje imot regnet. Det medfører både flaum og at jorda raser ut, fryktar Herje.

Ho prøver som best ho kan å halde seg orientert om korleis det går med dei ho kallar sine i Haiti. I første rekke er dei lokalisert til hovudstaden som ligg meir på grensa til det verste, medan ein reknar med at senteret på orkanen blir i sørvest.

– Men du kan aldri vite, for elvane kan ta nye løp og så kjem det flaum der ein ikkje reknar med det. Det er forferdeleg å tenke på dei som plutseleg blir ramma.

Den pensjonerte frelsessoldaten var så seint som i går kveld i kontakt med folk ho kjenner i Haiti, og då hadde dei opna sine bygg for dei som ikkje har nokon trygg stad å vere.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL