I denne saka kan du lese om:
- Statsminister Ariel Henry går av
- 4000 fengselsinnsette rømde
- Gjengleiar «Barbecues» blodige revolusjon
- Tidlegare kuppleiar vil bli president
Valdelege kriminelle plyndrar, slåst og gjer opprør i Haiti, ein republikk i Karibia, og har i praksis tatt over hovudstaden Port-au-Prince. Hittil i år har 1200 menneske blitt drepne.
No går statsminister Ariel Henry av. Han melde avgangen under eit møte i den mellomstatlege organisasjonen Det karibiske fellesskap måndag.
Gjengane i Haiti har gått saman om å presse statsminister Ariel Henry til å gå av. Måndag melde han sin resignasjon.
Foto: RALPH TEDY EROL / ReutersDet skjer etter press frå ein tidlegare viktig kuppleiar, men også frå gjengane i landet.
Statsminister Henry har styrt landet sidan president Jovenel Moïse blei skoten og drepen i 2021. Og valden i landet har berre auka i løpet av denne tida. Både økonomien og det offentlege helsevesenet er heilt skakkøyrt.
Henry er skulda for å vere korrupt og har ikkje halde presidentval i løpet av sine tre år som statsminister. Han har derfor fungert som Haitis øvste leiar.
Under sterkt press
Det var då Henry reiste til Kenya i slutten av februar, at valden gjekk heilt ut av proporsjonar. Han var på besøk for å få på plass ein avtale med politistyrkane der, for å få dei til kjempe mot gjengane i Haiti.
I starten av mars rømde 4000 innsette frå Haitis nasjonalfengsel, etter at gjengar storma fengselet. Også dette var eit forsøk på å presse statsministeren til å gå av.
I fengselet sat nemleg dei colombianske gjengmedlemmane som skal ha vore involverte i drapet på den tidlegare presidenten Jovenel Moïse i 2021.
Vald, plyndring og påsette brannar har blitt ein integrert del av bybildet i hovudstaden Port-au-Prince.
Foto: Odelyn Joseph / AP«Blodig revolusjon»
Den mektige gjengleiaren Jimmy «Barbecue» Cherizier har åtvara mot borgarkrig dersom Henry ikkje trekte seg.
Jimmy «Barbecue» Cherizier leiar G9-alliansen. Mange av medlemmane er tidlegare politioffiserar og soldatar.
Foto: Matias Delacroix / APHan leiar den såkalla G9-alliansen, som skal ha hatt band til avdøde Moïse. Gjengane i alliansen er ekstremt valdelege, og grunngir det med den dårlege situasjonen i landet. «Barbecue» kallar opptøyane for ein revolusjon.
– Vi vil ikkje gi dykk løgnar, vi er ikkje i ein fredeleg revolusjon, vi fører ein blodig revolusjon i landet, fordi systemet er eit apartheidsystem, eit vondskapsfullt system.
Det sa G9-leiaren måndag, og bad om at «Haiti får ein sjanse» frå det internasjonale samfunnet.






G9-leiar «Barbecue» ute i gatene i hovudstaden Port-au-Prince måndag.
Tidlegare kuppleiar vil bli president
Den avtroppande statsministeren seier at eit ministerråd i Det karibiske fellesskap vil sette ned eit førebels overgangsråd til å styre landet.
– Medlemmane av rådet blir valt etter avtale med ulike sektorar i samfunnet. Regjeringa som eg leiar, vil gå av umiddelbart etter opprettinga av dette rådet, seier Henry.
Men det står ein mann på trappene, som har støtte i gjengane. Den tidlegare kuppleiaren Guy Philippe har sagt at han ønsker å bli president i landet, og vil gi amnesti til gjengmedlemmane dersom han blir valt.
Guy Philippe leia statskuppet i Haiti i 2004. Han hevdar at han ikkje er tilknytt gjengane, men vil likevel gi dei amnesti dersom han får bli president.
Foto: Daniel Morel / ReutersPhilippe kom tilbake til Haiti i fjor, etter å ha sona ein dom for narkotikasmugling i USA.
Verre for kvar dag
Situasjonen har blitt gradvis verre dei siste åra, men valdelege gjengar har vore etablerte i landet sidan 50-talet.
Situasjonen er heilt desperat, og ifølge FN blir det verre for kvar dag som går.
Gjengmedlemmar truar med tortur, valdtekt og drap for å skremme folk, og i fjor flykta heile 200.000 menneske, ifølge Le Monde.