Hopp til innhold

– Hald fast ved håpet sjølv når alt er mørkt

SPJELKAVIK (NRK): Verdsdagen for psykisk helse handlar om å skape håp når det ser som mørkast ut. – Sjølv om det er vanskeleg, er det viktig å halde fast ved håpet, seier Mathilde H. Skorpen som har funne vegen ut av vanskane.

Mathilde Hofseth Skorpen

Mathilde Hofseth Skorpen brukar si eiga historie når ho formidlar håp til andre som slit med den psykiske helsa. Samstundes som ho vil spreie håp kjenner ho uro over nedskjeringar i psykiatrien.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Kattane flokkar seg om beina til Mathilde Skorpen i den nesten splitter nye einebustaden hennar i Spjelkavika i Ålesund. Her bur ho saman med mannen sin og dei tre kattane.

– Svikta

Det har ikkje alltid vore slik idyll i livet hennar. Ho var ikkje som alle andre jamaldrande og blei lett misforstått. Ho hamna på sidelinja og det var lite hjelp å få.

– Eg vaks opp i ein trygg, stabil og god heim. Men ingen forstod meg. Eg blei oppfatta som ein bortskjemt unge, og mor blei stempla som ei dårleg mor. I staden for å støtte opp under mine ressursar så svikta hjelpeapparatet, fortel ho.

Mathilde Hofseth Skorpen

Kattane skapar både liv og ro i heimen. Dei storkosar seg saman med Mathilde H. Skorpen heime i Spjelkavika.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I dag brukar ho mykje av tida si på aktivitetar i organisasjonen Mental Helse. Ho brukar eksempel frå sitt eige liv for å gje håp til dei som treng hjelp til å kome vidare i livet sitt. Men samstundes som ho ser folk rundt henne slite og kjempe, ser ho også andre krefter som gjer situasjonen vanskelegare for dei same folka.

– Presset blir større

Fleire opplever at tilbod som skulle hjelpe dei, blir lagt ned. I hennar eige heimfylke, Møre og Romsdal, skal helseføretaket spare tilsvarande 130 årsverk på grunn av dårleg økonomi. Sjølv om det er politiske føringar om at psykiatrien skal vekse, er det det motsette som skjer. Også psykiatrien må skjere ned.

– Nedskjeringane fører til auka ventetider. Og presset blir større. Då blir også kvaliteten på tenestene dårlegare, seier ho.

Ventelistekutt med færre ressursar

Det er ikkje berre Mathilde Skorpen og andre pasientar som kjenner ei uro over nedskjeringane. Også fleire fagfolk er uroa og føler dei kjem i eit press. Køane og ventelistene skal reduserast. Og det skal skje med færre ressursar enn før.

Siri Næs

Siri Næs er leiar i Norsk psykologforeining i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

I Møre og Romsdal er ein sengepost ved klinikken på Sjøholt lagt ned. I tillegg skal 18 stillingar fjernast. Fleire pasientar skal inn til behandling raskare.

– Vi er uroa over kva dette vil ha å seie for behandlingstilbodet. Helse Midt-Noreg legg eit ekstra trykk på at ventetidene skal ned. Det skjer samstundes som behandlarstillingar skal bort. Enten må behandlinga av pasientar avsluttast tidlegare enn før, enten pasienten er ferdig behandla eller ikkje. Det blir altså mindre behandling pr. pasient. Mange av psykologane i føretaket opplever dette som problematisk, seier Siri Næs, leiar i psykologforeininga i Helse Møre og Romsdal.

– Inga svekking

Dei leiarane innan psykiatrien som NRK har snakka med, avviser at nedskjeringane har ført til svekka tenester. Klinikksjef Karl Arne Remvik hevdar at det samstundes med at sengepost er lagd ned og stillingar er blitt fjerna, så har tenester blitt lagt om og at ein i sum står att med eit betre behandlingstilbod.

Karl-Arne Remvik

Karl Arne Remvik er klinikksjef i Klinikk for psykisk helse og rus.

Foto: Terje Rete / NRK

Det er fleire forholdsvis nye behandlingsformer som blir trekt fram for å vise at helseføretaket klarer å oppretthalde kvalitet på tenestene trass i nedskjeringar. Felles for desse tenestene er at dei i stor grad går føre seg utanfor klinikkane.

Men Remvik, og alle andre som kjenner psykiatrien, vedgår at det er eit stort problem innan desse tenestene.

–Vi klarer ikkje å rekruttere fagfolk til alle stillingane. Stillingane er finansierte, men vi får ikkje tak i kvalifiserte folk til å fylle dei. Det er stor konkurranse om for eksempel psykologspesialistane. Men vi set no i gang eit prosjekt for å styrke denne rekrutteringa, seier Remvik.

– Møter pasientane heime

Helse Møre og Romsdal har også vunne prisar for å ha utvikla tenester og behandlingsmåtar med ambulante team, altså behandlarar som oppsøkjer pasientane heime eller på andre stader der det er naturleg å møte den som slit psykisk.

– At vi får kome heime til menneska, og møte dei ofte med ein pårørande til stades, og i livssituasjonen dei er i, gjer at vi forstår noko anna enn om vi hadde møtt den same pasienten på eit inntakskontor på ein institusjon, seier seksjonsleiar Jo Volle.

Jo Volle

Jo Volle er seksjonsleiar ved psykiatrisk ved Ålesund sjukehus.

Foto: Terje Reite / NRK

– Denne meirforståinga er verdifull. Forsking viser at vi er på høgde med og over kvaliteten ein oppnår ved tradisjonelle tilbod. Resultata er knytt til val av arena for arbeidet. Vi ser meir når vi får lov til å kome ut i heimane. Det er uråd for dei som jobbar inne på ei avdeling, å sjå alt som er i livet til pasientane der ute, seier Volle.

Helse Møre og Romsdal har også teke i bruk ei intensiv fire dagars behandling av angst, fobiar, tvangstankar og tvangshandlingar. Også dette er ei behandlingsform som kan vise til gode resultat.

Helseministeren godtek kutta

Helseminister Bent Høie har i fleire år kravd at psykiatrien skal ha større vekst enn i resten av verksemda til sjukehusa. Sjølv om helseministeren krev vekst, godtek han nedskjeringane.

– Regelen om at psykiatrien skal ha større vekst enn ved sjukehusa elles gjev ingen fribillett til å bruke meir pengar enn Stortinget har gitt til sjukehusa. Dermed må også psykiatrien i Helse Møre og Romsdal sørge for å redusere kostnadene, seier Helseminister Bent Høie til NRK.

Helseminister Bent Høie mottar beredskapsrapport fra Helsedirektoratet.

Helseminister Bent Høie seier at psykisk helse er like viktig som den fysiske helsa. Han krev at psykiatrien skal ha større vekst enn den somatiske verksemda ved sjukehusa.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Høie legg til at «Den gylne regelen» ikkje berre blir rekna ut frå kor mykje mengar som blir brukt, men også ut frå kor mange som får hjelp, og korleis ventelistene blir reduserte.

– Dersom dette skjer ved mindre bruk av pengar, så er dette ikkje negativt, seier Høie.

– Verdsdagen for psykisk helse er viktig for meg. Denne dagen skal vere med på å skape meir openheit rundt psykisk helse. Det skal bli lettare å dele tankar med kvarandre, og det skal bli mindre tabu og skam, seier ho.

Mathilde Hofseth Skorpen

Mathilde Hofseth Skorpen legg stor vekt på håp når ho snakkar om erfaringane sine frå psykiatrien.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Kutt kan få følger

Forsikringane frå leiinga i helsevesenet, inkludert helseministeren, roar ikkje Mathilde Skorpen.

– Sparetiltaka kan få ekstreme følgjer. Folk kan oppleve at dei blir dårlegare på grunn av nedskjeringane. Fleire brukarar har teke kontakt og spør kva dei skal gjere no. Det er ei skremmande utvikling som råkar dei svakaste i samfunnet.

Om du skulle kome med ei oppmoding til dei som sit på pengesekken, kva ville det vere?

– Det ville heilt klart vere at dei må halde fast ved «Den gylne regelen» og tilføre meir ressursar til psykiatrien. Vi treng meir kvalitet på tenestene. Dette vonar eg blir sett meir fokus på. For alle har ei psykisk helse, seier Mathilde Hofseth Skorpen.

Mathilde Hofseth Skorpen

Mathilde Hofseth Skorpen legg vekt på at alle har ei psykisk helse, og at det er stort behov for å styrke tenestene innan psykiatrien.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK