Hopp til innhold

Frykta omdømetap og avlyste styremøtet

Etter ein times debatt, valde styret i Helse Møre og Romsdal å utsetje sitt eige styremøte fordi dei frykta tap av omdøme dersom dei kasta pressa ulovleg på dør.

Styremøte i Helse Møre og Romsdal

Eit samrøystes styremøte i Helse Møre og Romsdal valde å utsetje vurderinga av seg sjølve.

Foto: Arild Pettersen / NRK

I ettermiddag skulle styret i helseføretaket evaluerere sitt eige arbeid, og hadde bestemt seg for at dette skulle skje bak stengde dører. Dette vekte sterke reaksjonar i pressa som gjerne ville dekke møtet.

Stein Kinserdal

Styreleiar Stein Kinserdal blei usikker på om det var lovleg å stenge styremøtet for pressa-

Foto: Øyvind Johan Heggstad

– Vi ønskte i utgangspunktet at møtet skulle gå for stengde dører, men fordi det blei uklart om vi hadde heimel i lova til å gjere det, valde vi i staden å utsetje møtet, seier styreleiar Stein Kinserdal til NRK.

Kinserdal seier han er klar over at helseføretaket kan tape omdøme dersom møtet blei stengd utan at det var dekning for det i lova.

Juridisk hjelp

Helseføretaket hadde i utgangspunktet grunngitt stenginga av møtet med at dei må ta omsyn til personvern. Dei viste til Helseføretakslova som har ein unntaksparagraf for at styret skal kunne gjere intern vurdering av eige arbeid. Føretaket opplyste før møtet også at det er styret sjølv som avgjer om møta deira skal vere stengde eller ikkje.

Fleire media protesterte på stenginga av dørene, og det var styreleiar Kinserdal som sjølv sette fram forslaget om å utsetje heile møtet.

No vil det lokale helseføretaket søke juridisk hjelp hos juristane i Helse Midt- Noreg for å få avklart om det vil vere brot på Helseføretakslova å stenge pressa ute når styret skal evaluere sitt eige arbeid.

Kritikk

Helse Midt-Noreg har sjølv fått kritikk for manglande openheit tidlegare i sjukehusprosessen.

På to måneder møttes dei ni styremedlemmene i Helse Midt-Norge ti ganger. Sju av de ti møta var stengde for offentligheita.

Det planlagde ordinære styremøtet går som planlagt av stabelen i morgon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL