Hopp til innhold

Frykta at to bilar var tatt av skred: –  Det stikk i magen

I fleire timar heldt innbyggarane i Geiranger pusten medan mannskap leita gjennom snøskredet etter personar.

Ras Geiranger

Innbyggarane i Geiranger fekk denne meldinga frå Stranda kommune etter snøskred torsdag. Der blei dei bedd om å varsle politiet dersom dei sakna nokon.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det stikk i magen. Vi er få her inne og alle kjenner alle. Vi har ingen å miste, seier Ola Une Ferstad Liland i Geiranger.

Han var i gang med å måke plassen utanfor galleriet sitt då ein sambygding kom køyrande forbi torsdag ettermiddag. Meldingane om eit skred og at to bilar kunne vere tatt, hadde allereie byrja å spreie seg i bygda.

– Eg kjenner folk som pendlar den strekninga kvar dag, og du tenker at det kan vere kven som helst.

Sander Mossberg Hjelle (20) var få meter frå det store skredet som gjekk i Geiranger torsdag ettermiddag.

Uhyggeleg stemning i bygda

Skredet gjekk på fylkesvegen ved Granderøysa ikkje langt frå sentrum i bygda, like ved den populære Ørnevegen. Det skal ha vore 100 meter breitt og fem meter høgt. Den andre vegen til bygda, frå Langvatn, er for lengst blitt stengt for vinteren. Dermed var Geiranger isolert for andre gong på ei veke.

Ola Une Ferstad Liland

Ola Une Ferstad Liland i Geiranger frykta at nokon han kjente kunne vere tatt av skredet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Sjølv om vi er vande med at det går skred, så blir det ei uhyggeleg stemning når du ikkje veit om nokon har blitt tatt eller ikkje, seier Ferstad Liland.

I tillegg blei det sendt ut ei melding frå kommunen til alle i Geiranger om å varsle politiet dersom dei sakna nokon.

– Det var litt ekkelt. No har eg budd her i fleire tiår og det er første gong eg har fått ei slik melding.

Første på staden

Ambulansearbeidarane Rune Krogstad og Jonas Nyrønning var dei første som kom fram til skredstaden torsdag ettermiddag. Meldinga som tikka inn på ambulansesentralen gjekk ut på at to bilar kunne ha vore tatt. Berre nokre få minutt seinare var dei to framme. Saman med brannvesenet, som også kjem til, blir dei einige om å starte eit overflatesøk.

Rune Krogstad (t.v.) og Jonas Nyrønning. Ambulansearbeidarar, Helse Møre og Romsdal, Geiranger

Ambulansearbeidarane Rune Krogstad og Jonas Nyrønning var dei første som kom fram til skredstaden i Geiranger torsdag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Du har alltid eit stort ansvar som første person på staden. Når du i tillegg får beskjed om at to bilar kan vere inne i raset, og at det er uvisst kor mange som er i bilane, så føler du på ansvaret, seier Nyrønning.

Dei to ambulansearbeidarane er fast stasjonert i Geiranger og fortel at det kan vere utfordrande å jobbe så tett på naturkreftene. Torsdag gjorde vêrforholda det vanskeleg å få mannskap og utstyr til bygda.

– Du får ikkje hjelpt så fort, spesielt i går tok det 3–4 timar før skredgruppa og politiet kom fram til staden. Men eg synest vi greidde oss godt likevel, seier Krogstad.

Snøskred, ras Geiranger

I fleire timar blei det gjort søk i skredet Det blei også gjort søk frå båt etter bilar eller personar som kunne ha blitt tatt av skredet

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kunne puste letta ut

I fleire timar jobba naudetatane på spreng. I mellomtida hadde innbyggarane i Geiranger ikkje noko anna val enn å vente. Etter fleire timar med søk kom konklusjonen endeleg i 21.40-tida torsdag kveld. Det var ikkje sannsynleg at nokon hadde blitt tatt av skredet.

– Då blei eg glad og kunne puste letta ut. Du førebur deg jo på det verste, men håpar på det beste, seier Ferstad Liland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL