Hopp til innhold

Kallar politikarar uansvarlege og populistiske

Eit mindretal av politikarane i Rauma nekta tysdag kveld å behandle den omstridde avtalen som skal vere med og sikre kommunen landets mest moderne helsehus. Det får Høgre-ordføraren til å sjå raudt.

Lars Olav Hustad

Lars Olav Hustad er frustrert ordførar i Rauma tysdag kveld. Han meiner mindretalet ikkje burde avvist å behandle avtalen om nytt helsehus i Rauma, og fryktar konsekvensane.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Ordførar Lars Olav Hustad (H) er ikkje nådig i karakteristikken av kommunestyrepolitikarane som tysdag kveld nekta å debattere avtalen om nytt helsehus i Rauma.

– No hadde vi sjansen til å få debattert og få sett fokus på saka, i staden vel dei å utsette prosessen og ikkje behandle saka i det heile tatt. Det er ansvarslaust, det er populistisk og det har eg liten sans for, seier Hustad tysdag kveld.

Han viser til at mellom anna Per Vidar Kjølmoen (Ap) og Magnhild Vik (Sp) har stått fram i lokalavisene og klaga på ein dårleg prosess, og meiner dei då burde brukt høvet til å få debattert og belyst saka.

Han seier han fryktar at investorane no skal trekkje seg, halvanna døgn før planlagt byggestart av helsehuset til 362 millionar kroner.

Les også:

Meiner det var rett å avvise saka

Per Vidar Kjølmoen

Gruppeleiar Per Vidar Kjølmoen (Sp) seier dei fekk første informasjon om avtalen 19 timar før kommunestyremøtet, og at det var uråd å behandle saka tysdag kveld.

Foto: Privat

Men Per Vidar Kjølmoen (Ap) står på sitt og meiner dei fekk alt for dårleg tid til å vurdere saka, og at det dermed var rett å avvise saka.

– Det er heilt openbart rett at kommunestyret ikkje kunne behandle saka no. Første informasjon fekk vi 19 timar før kommunestyret begynte, og vi har ikkje hatt sjanse til å setje oss inn i kva avtalen inneber av forpliktingar for kommunen, seier han.

Magnhild Vik fra Innfjorden deltar i Farmen

Gruppeleiar Magnhild Vik (Sp) meiner det er rett å vente med å behandle avtalen med Wenaasgruppen til dei veit meir om konsekvensane.

Foto: TV2

Han får støtte frå Magnhild Vik (Sp).

– Vi må ha oversikt over økonomien, og då bør vi få ei utgreiing om korleis dette vil arte seg tidsmessig og økonomisk, seier ho.

Les også:

Skarp kritikk frå investorane

Heller ikkje dei lokale investorane, som har tilbydd seg å bla opp 35 millionar kroner til helsehuset, er fornøgd med prosessen.

Lars Wenaas

Styreleiar Lars Wenaas i Wenaasgruppen seier det ikkje er aktuelt å trekkje seg frå avtalen med Rauma kommune sjølv om politikarane vil ha meir tid for å vurdere avtalen.

Foto: Ottar Rydjord

I eit lesarinnlegg i Romsdals Budstikke nyleg gjekk styreleiar Lars Wenaas hardt ut mot kommunen, og stilte spørsmål ved kommuneleiinga sin kompetanse og vurderingar. Mellom anna blei det vist til at tanken om å lage mat utanfor helsehuset, var lite gjennomtenkt.

Heilt inntil like før møtet tysdag kveld, forhandla ordføraren med styreleiaren om formuleringar i avtalen.

Kontrollkomiteen interesserte i saka

Den omstridde avtalen har vekt interesse også hos kontrollkomiteen i Rauma. Leiaren, Lars Ramstad, sa tidlegare tysdag til Åndalsnes Avis at det er problematisk dersom det er knytt vilkår til gåva.

Men etter at han fekk sjå avtalen i kommunestyret tysdag kveld, seier Ramstad til NRK Møre og Romsdal at kontrollkomiteen ikkje lenger er skeptiske, og at det no blir opp til politikarane.

Wenaas vil ikkje trekkje seg

Styreleiar Lars Wenaas seier til NRK Møre og Romsdal tysdag kveld at det ikkje er aktuelt for dei å trekkje seg frå avtalen om å gje 35 millionar kroner til bygging av helsehuset.

– Vi ventar på ei avgjerd og har respekt for kommunestyret. Vi har kome med eit tilbod, så må kommunestyret gjere eit vedtak, seier Wenaas.

Det blir truleg kalla inn til ekstraordinært kommunestyre med det første for å behandle saka.