Hopp til innhold

Frp er størst i Møre og Romsdal

Frp har gjort eit sterkt val i Møre og Romsdal. – Det er på tide å få fart på Oslobygda, seier Frank Sve som kjem inn på Stortinget.

Frank Sve i Frp

Frank Sve (Frp) er strålande nøgd med oppslutninga i Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

Medan Frp går tilbake på landsplan, er partiet framleis det største i Sylvi Listhaug sitt heimfylke Møre og Romsdal. Saman med henne er også partikollega Frank Sve sikra Stortingsplass. Han jublar over dei gode resultata.

– Det er ganske uverkeleg, seier Sve.

Sve trur det er mange i Oslo som er bekymra for å få han på Stortinget. Han er kjend for sine friske utspel og er ikkje redd for å gå på talarstolen.

– Det kan hende det er på tide å få litt fart i denne Oslobygda og at Møre og Romsdal blir sett endå tydelegare på kartet, seier Sve.

Han fleipar med at det er fare for at han blir klubba ned av stortingspresidenten dagleg.

Sjukehussak og vegutbygging

I Kristiansund har Frp gjort eit kjempeval. Der har Frp sagt at dei vil bevare føde- og akutttilbodet ved Kristiansund sjukehus etter at det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal står klart.

Det har også vore stor usemje om gigantprosjektet Møreaksen som skal sikre ferjefri veg mellom Ålesund og Molde. I den saka har Frp snudd og meiner det er galskap å bygge miliardprosjektet og vil stanse det. I tillegg kjem petroleumsskatten som Høgre vil innføre.

– Folk er redde for å miste jobbane sine i næringsfylket nummer ein i Noreg, seier Sve.

Skal kome knallsterkt tilbake

På hotell Bristol i Olso var Sylvi Listhaug på valvake og talte til gruppa til stor jubel. Ho tok over som partileiar tidlegare i år. Dei siste vekene har partiet fått medvind, spesielt etter oljesaka.

Framstegspartiet starta denne valkampen med målingar nede på sju-åtte-talet.

–Vi går tilbake, men vi gjer det betydeleg betre enn vi låg ann til å gjere, sa Listhaug frå scena.

Ho lovde at Frp skal gjere eit betre val allereie i 2023 og at i 2025 skal Frp kome knallsterkt tilbake. Ho trakk fram heimefylket sitt.

– Vi skal bruke Møre og Romsdal som inspirasjon, der kan vi faktisk bli det største partiet i år.

Partioppslutning: Møre og Romsdal

PartiOppslutningEndring fra 2017
AP
0.0%
0.0
BLANKE
0.0%
0.0
DEM
0.0%
0.0
FI
0.0%
0.0
FNB
0.0%
0.0
FRP
0.0%
0.0
GENE
0.0%
0.0
GT
0.0%
0.0
H
0.0%
0.0
Oppslutning