Hopp til innhold

Telenor vil rive den historiske radiosendaren Vigra kringkaster

Telenor ønskjer å rive dei største bygga ved Vigra Kringkaster og har sendt ut nabovarsel om dette. No protesterer både Venneforeninga og kommunen.

Vigra kringkaster med hus og mast år 2009.

Vigra kringkastar med husa før masta blei riven. No vil Telenor også fjerne husa.

Foto: NRK

Vigra kringkaster.

Venneforeininga blei danna i 2004 for å ta vare på kulturarven frå Vigra kringkastar.

Foto: NRK

– Vi har ikkje lyst å sjå at denne historia forsvinn, seier Jon Hildre. Han er leiar i Venneforeninga for Vigra Kringkaster.

Mellombølgesendingane frå Vigra kringkastar har spelt ei viktig rolle for mange sidan den blei sett i drift i 1935. I samband med krigsutbrotet blei sendaren rekna som den viktigaste i landet, før den blei bomba som eit strategisk viktig mål i mai 1940. i 1948 blei den gjenoppbygde stasjonen opna av kong Haakon.

Den 232 meter høge masta er borte, men framleis står bygga igjen etter kringkastaren. Venneforeininga har dei siste 20 åra samla ei rekkje objekt for å dokumentere historia til sendaren og jobba for å etablere eit permanent museum i anlegget. No fryktar dei at dette må skrinleggast.

Turid Røsvik og Jon Hildre

Leiar i Venneforeninga for Vigra kringkastar, Jon Hildre. Her saman med initiativtakar Turid Røsvik.

Foto: Terje Reite / NRK

– Vi er uroa for at vi skal miste ei unik kringkastingshistorie og mykje arbeid som har vore gjort over nesten 20 år, seier Hildre.

Har søkt om løyve til riving

Det er dei to største husa ved anlegget Telenor og Norkring no har søkt om løyve til å rive. Det inneber i så fall at sendarhuset og aggregathuset blir borte.

For venneforeininga betyr det full stans i planane dei har jobba med.

– Konsekvensen er at planane våre og arbeidet vi har lagt ned blir øydelagt, seier Hildre.

Perfekt fall

Radiomasta blei riven i 2011, men bygga står framleis.

Foto: Jostein Opskar

Venneforeininga blei danna i 2004 for å ta vare på kulturarven frå Vigra kringkastar. Dei hadde då ein avtale med Norkring om å bruke sendarbygget til museumsarbeid.

– Vi såg at dette var ei viktig kulturhistorie som måtte haldast i hevd, seier Hildre om arbeidet.

Dei siste par åra har Venneforeninga vore mindre aktive fordi dei ventar på ei avklaring om rettane til bygga og grunnen. Planen var å ta opp att arbeidet så snart dette var avklart, og dei meiner difor det vil vere både meiningslaust og vond å miste bygga frå 1948.

– Det er lagt ned eit stor arbeid i dette, og vi trur mange framleis vil sjå verdien av å ta vare på denne historia, seier Hildre til NRK.

Kommunen ber Telenor sjå på saka på nytt

Knut Støbakk, ordfører, Giske kommune

Ordførar Knut Støbakk seier kommunen støttar kravet frå venneforeininga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

No har også Giske kommune engasjert seg i saka og ber Telenor utsetje riving fram til Riksantikvaren har uttalt seg i saka.

– Vi vil ikkje gi løyve til riving før det er gjort, seier ordførar Knut Støbakk.

Kommunen viser mellom anna til samtalar med Norking i samband med rivinga av masta i 2011. Den gongen skal Norkring ha lova å stille bygga med alt innhald til disposisjon for museumsdrift for ein symbolsk sum.

– Eg veit ikkje om eg vil seie at dei har brote lovnader, men vi hadde godt håp den gongen om at dette skulle gå i orden. Det er ein relativt liten sum for eit stor selskap å halde desse bygga i god nok stand til at det kan drivast vidare, seier Støbakk.

Sjølv har kommunen lite pengar å bidra med, men Støbakk er klare på at dei støttar venneforeininga sitt ønske.

– Om vi skulle gå inn med pengar, måtte det i tilfelle vere ein eingongssum. Vi kan ikkje eige bygget, men det vil vere synd om dette skulle gå tapt, seier han.

Rydde opp

Jørgen Thaule i Telenor Kulturarv

Jørgen Thaule, direktør før kommunikasjon og samfunnsansvar i Telenor Broadcast, seier at det blir riving fordi dei har avtale med grunneigar om å rydde opp.

Foto: Telenor

Jørgen Thaule i Telenor Broadcast seier at Norkring har bestemt seg for riving fordi dei har ein avtale med grunneigar om å rydde opp etter seg.

– Det har vi tenkt å følgje. Vi har tatt ei rekkje vurderingar, og dei fire siste åra har vi prøvd å få til ei museumsløysing, men det har vi dessverre ikkje lukkast med, seier Thaule.

Då står det berre eitt alternativ igjen. Sjølv meiner Thaule at Norkring har strekt seg langt, og vore tolmodige, i prosessen mot å skape eit museum.

– Men vi skal sjølvsagt rydde opp når vi har ein avtale med grunneigar om det.

Håper å berge museet

For Hildre og dei andre i venneforeininga er håpet no at Riksantikvaren vil gripe inn.

– Kva gjer de vidare?

– Vi har tatt kontakt med alle partar, og håpet er at riksantikvaren skal verne eller frede husa, slik at vi veit at dei blir ståande, seier Hildre.