Hopp til innhold

Framleis håp for Setnesmoen

Håpet lever framleis for Setnesmoen. Det er inga avklaring om langtidsplanen for Forsvaret. Regjeringa sitt mål om eit breitt forlik har så langt vore vanskeleg å gjennomføre.

Setnesmoen

Full aktivitet på Setnesmoen fredag. Men det er heilt uklart om leiren blir lagt ned eller ikkje.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I arbeidet med langtidsplanen for Forsvaret har regjeringa gått inn for å legge ned HV11 og styre soldatane frå Værnes i Trøndelag. Forslaget inneber at Setnesmoen leir skal leggast ned.

Men motstanden mot nedleggingsplanane har vore stor. Samstundes har det vore antyda at neste års forsvarsbudsjett kan bli auka med 400 millionar kroner.

Harald Tom Nesvik

Harald Tom Nesvik har vore sentral i forhandlingane om framtida for det norske forsvaret.

Foto: Terje Reite / NRK

Stortingsrepresentant Harald Tom Nesvik (Frp) har vore sentral i forhandlingane. Etter hektisk møteverksemd møttest dei parlamentariske leiarane for Ap, Høgre, Frp, Senterpartiet, Venstre og KrF til forhandlingar. Etter det NRK får opplyst var også Statsminister Erna Solberg kopla inn i forhandlingane.

– Det er alltid slik at så lenge boka ikkje er lukka så er det alltid mogleg å snu om på ei side. Så får ein sjå kva som blir det endelege resultatet, seier Nesvik til NRK.

I forslaget frå Regjeringa blir det lagt opp til at Forsvaret skal få 165 milliardar kroner over dei neste 20 åra. Elleve større og mindre anlegg skal etter planen leggast ned. Planen handlar om investeringar i 52 kampfly, det handlar om overvakingsfly, nye ubåtar og andre store investeringar.

Setnesmoen er ikkje akkurat den største aktøren i denne samanhengen. Det er mange ting som er i spel. Det endelege resultatet må vi kome tilbake til, seier Nesvik fredag kveld.

Partane blei ikkje samde fredag. Det er lite truleg at det blir forhandlingar laurdag. Men tråden bli truleg henta opp att søndag eller måndag.

Vi snakkar om ein langtidsplan for forsvaret som kjem til å tilføre nær 170 milliardar kroner i dei komande 20 åra. Då er det mange ting som skal forhandlast om, seier Nesvik.

Nesvik avstår frå å kommentere detaljane i saka så lenge forhandlingane pågår. Men han understrekar kor viktig det er å bli samde, og at han vonar det kan gjerast vedtak snart.

– Ingen ting er klart før alt er klart. Eg vonar vi skal få til ei løysing i løpet av dei komande dagane. No må vi vente og sjå kva som blir det endelege resultatet. Mykje ligg på bordet og det blir forhandla om mykje. Store summar er i omløp. Då er det viktig at vi gjer det beste ut frå det forsvarsmessige. Særleg gjeld dette med tanke på situasjonen som er med ein usikker sikkerheitspolitikk, avsluttar Nesvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL