Hopp til innhold

Heimevernet skal bestå som i dag

Heimevernstrukturen skal vidareførast slik den er og det betyr at HV-11 består. Det kom fram under ein pressekonferanse onsdag.

HV 11 er berga

Både Sylvi Listhaug (Frp) og Helge Orten (H) var på plass under pressekonferansen på Setnesmoen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Val

Framtida til Heimevernet var tema under pressekonferansen på Setnesmoen onsdag morgon.

Statssekretær Øystein Bø i Forsvarsdepartementet seier at det er viktig å ikkje rive ned strukturar som verkar og Heimevernet er ein slik struktur.

– Vi vil vidareføre HV-strukturen slik som den er, inkludert HV-11, seier Bø.

Massiv mobilisering

Heimevernsavdelinga i Rauma har lenge stått i fare for å bli lagt ned. Drifta har berre vore sikra ut 2017 i påvente av konklusjonen i Landmaktsstutgreiinga, som skal gi svar på korleis Hæren og Heimevernet skal utviklast. Dette skal leggast fram for Stortinget i oktober samstundes med statsbudsjettet.

– Å bevare Heimevernet er eit forslag som kjem i denne utgreiinga, og så skal Stortinget handsame saka, seier Bø.

Det har vore ei massiv mobilisering både frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane for å berge Setnesmoen. Forkjemparane meiner at ei nedlegging vil ha negative konsekvensar både for tryggleiken og samfunnsberedskapen.

Utrygg verd

HV-11 Setnesmoen i Rauma

Det er rundt 30 tilsette på Setnesmoen i Rauma.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Vi er svært glade for dette frå Framstegspartiet si side. Dette har vore ei sak vi har jobba med. Vi ser at vi lever i ei meir utrygg verd. Vi er i ferd med å bygge opp att Forsvaret etter at det har blitt nedbygt over mange år, seier Sylvi Listhaug (Frp). Ho er partiets førstekandidat i Møre og Romsdal.

Ho meiner at både dei som jobbar i systemet og befolkninga kan føle seg trygge på at heimevernet skal vere til stades i distriktet vidare.

Helge Orten (H) sluttar seg til Listhaug. Han meiner det er viktig å få ro rundt forsvarsstrukturen.

– Forsvaret blir satsa på, inkludert Heimevernet og Hv11. No kan vi konsentrere kreftene om å bygge eit godt forsvar i Noreg, seier Orten, som meiner dette er ein gledens dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL