Hopp til innhold

Forandra politivedtektene: Frå hundrevis av tiggarar i 2013 til null i 2014

Nye og strengare politivedtekter blei innført i Molde rett før den årlege jazzfestivalen. No må folk fylle ut skjema om dei skal tigge i byen. Så langt har ingen søkt, og gatene er tomme for tiggarar ...

Nye og strengare politivedtekter vart innførte i Molde rett før jazzfestivalen. No må folk fylle ut skjema om dei skal tigge i byen. Så langt har ingen søkt, og gatene tomme for tiggarar...

I Molde gjekk dei frå hundrevis av tiggarar under Moldejazz i 2013, til null under Moldejazz i 2014.

Steinar Hjellnes

Fungerande politistasjonssjef ved Molde politistasjon fortel om stor forskjell etter endring i politivedtektene.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– I fjor var det hundrevis som var her. I år er det førebels ingen, slår fungerande politistasjonssjef Steinar Hjellnes fast.

Politiet i Molde ser det eksakt same som alle andre: Det er ikkje éin einaste tiggar i Molde sentrum under årets Moldejazz.

2013: – Ein ekstrem situasjon

I 2013 var stoda ei heilt anna. Over natta blei Molde sentrum, med tusenvis av jazz-besøkande, eit Eldorado for tiggarane.

– Det vi gjer no er å ta imot ei mengde meldingar om tigging frå publikum, konstaterte stasjonssjef Per Karsten Røv ved Molde politistasjon.

– Dette er ein heilt ekstrem situasjon. Tigging er i utgangspunktet lovleg, men slik den er i Molde no er den ei enorm utfordring, meinte Røv.

Tiggarane la beslag på store delar av politiet sine ressursar. Fleire måtte visast bort på grunn av aggressiv tigging og nokre blei arrestert for nasking.

Vibeke Wulf

Butikkeigar Vibeke Wulf seier både ho og kundane hennar blei plaga av tiggarane i 2013.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Kundane blei plaga

På fjorårets festival blei mange skremde av aggressiv framferd, både på gata, i restaurantar og i butikkar. Butikkeigar Vibeke Wulf hugsar ikkje situasjonen med eit smil.

– Det var ekstremt plagsamt. Dei stod utanfor butikkane med koppar, kundane var plaga og vi blei plaga. Dei sat utanfor heile tida, seier Wulf.

– No, eitt år etter, korleis er det no?

– Eg har ikkje sett nokon. Det er kjempebra, meiner butikkeigaren.

Ordføraren ser effekten

Rett før jazzfestivalen i år blei det vedtatt nye politivedtekter i Molde. Dei stiller strengare krav til tiggarane.

– Så langt ser det ut til å ha verka fantastisk, langt sterkare enn vi hadde trudd, fortel ordførar Torgeir Dahl (H).

Judith Sandøy

Så langt har ingen tiggarar reigstrert seg her hos Judith Sandøy på Molde politistasjon.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Kommunen kan opprette tiggefrie soner, men per i dag er einaste krav at ein melder seg på politistasjonen i Molde om ein skal tigge.

Der har det ikkje vore mange innom, opplyser konsulent Judith Sandøy.

– Hittil ingen, slår ho fast.

Ikkje berre glad biskop

Biskop i Møre serverte mat på gata i Molde under Moldejazz tysdag. Ho er ikkje berre glad for at tiggarane forsvinn.

Torgeir Dahl

Høgre-ordførar Torgeir Dahl er ikkje framand for å setje inn ekstra tiltak om tigginga går mot nivået i 2013.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Eg tenkjer at vi må passe på at ikkje vi, som bur i eit så rikt land som Noreg, blir oss sjølve nok, og ikkje ser medmenneske sin naud, seier ho til NRK.

– Samstundes var det noko uverdig med situasjonen vi hadde i fjor sommar, der menneske måtte setje seg på huk og ikkje klarte å møte blikket vårt, held ho fram.

Molde-ordførar Dahl er derimot tydeleg på at tiggartiltak er noko som må til. Han kjem no til å følgje situasjonen tett.

– Om vi ser at vi får ein invasjon av tiggarar a.la. det vi såg i fjor, så vil vi innføre tiggefrie soner i sentrumsområdet, slår han fast.

Kva tenkjer du om løysinga som Molde kommune har kome fram til før den årlege jazzfestivalen Moldejazz?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL