Hopp til innhold

Fryktar fleire tiggarar i sommar

Molde-ordførar Torgeir Dahl (H) fryktar at talet på tiggarar i sommar vil auke kraftig. Han meiner Noreg bør innføre tiggeforbod.

Torgeir Dahl

FORBOD: Ordførar Torgeir Dahl (H) i Molde, meiner det bør bli forbode å tigge.

Foto: Roar Strøm / NRK

Den politiske leiinga i Kristiansund, Molde og Ålesund bur seg på kvar sin måte på sommaren og ei venta auke av tiggarar i gatene.

– Bør bli forbode

Moldeordførar Torgeir Dahl peikar på at mange synest tiggarane er pågåande.

– Mange opplever dette som problematisk, men eg vil ikkje seie det er akutt. Men vi fryktar sommaren 2013. Vi er redde vi kjem til å få betydeleg fleire tiggarar i vår region no til sommaren.

Dahl seier dei har tiggarar året rundt i Molde. Men han trur altså fleire vil kome dit i sommar.

– Dette er problematisk mellom anna fordi ein del av dei er ganske pågåande og det ligg at søppel der dei overnattar.

Dahl har vore i kontakt med politiet om saka ved fleire høve, og vil også ha møte med dei framover. Han meiner regjeringa burde innført eit forbod mot tigging.

– Eg meiner det er nødvendig, ja.

Les også: – Vi lever slik fordi vi må

Møte med politiet

Bjørn Tømmerdal

MØTE: Ordføraren i Ålesund, Bjørn Tømmerdal (H), skal ha møte med politiet.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

Ordførarkollega Bjørn Tømmerdal, også frå Høgre, er bekymra for tiggesituasjonen i Ålesund og skal ha møte med politiet neste veke.

Han vil ikkje uttale seg om saka no, men meiner det er uheldig om det skal vere opp til kvar enkelt kommune om ein skal innføre tiggeforbod eller ikkje.

Sjå video om tiggarane i Ålesund:

To familiar som har tigga i Ålesund Molde og Kristiansund i 6 år seier dei fortsatt prøver å tene penger til bustad heime i Romania. No bur dei i ein liten skog innanfor Ålesund. Der lever dei under uverdige forhold

Alvorleg

I Kristiansund meiner varaordførar Line Hoem frå Arbeidarpartiet at tendensen med stadig fleire tiggarar er alvorleg. Men noko tiggeforbod vil ho ikkje ha.

Line Hoem

NEI TIL FORBOD: Varaordføraren i Kristiansund, Line Hoem (Ap), seier nei til tigging.

Foto: Rnuar Tafjord / NRK

– Det er eg imot. Det er menneske i ein vanskeleg situasjon som må ty til tigging, og eg trur eit forbod også vil bli vanskeleg å handheve, seier ho.

Ho seier dei vil legge ein plan saman med politiet for korleis dei skal løyse problema som kan kome i samband med tigging i sommar.

– Eg trur det er andre løysingar som må til enn eit forbod for å gi desse menneska ein betre kvardag. Dette gjeld både nasjonalt og på EU-nivå. Vi bør primært hjelpe dei i landa dei kjem frå, men også finne andre løysingar her enn å forby tigging, seier ho.